Pengar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pengar er betalingsmiddel som er lette å handtera og lagra. Dei blir brukte til å betala for varer og tenester, og mogleggjer ein pengeøkonomi framfor ein byteøkonomi.
Ordet penge kjem av ordet penning, ein gammal mynteining.
Typiske pengar er myntar og papirpengar. Desse symboliserer ein verdi som samfunnet er blitt einig om, til dømes ved at styresmaktene garanterer for verdien.
Pengar finst i ulike valutaer i ulike land.
![]() |
Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over økonomispirer. |
Kategoriar: Økonomispirer | Spirer 2007-04 | Handel | Økonomi | Pengar