Peter Hognestad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter Hansson Hognestad (1866–1931) var ein norsk prest, biskop, forfattar og salmediktar.
Hognestad vart fødd i Time kommune på Jæren, og vaks opp i grenda Hognestad. Han utdanna seg innan teologi, og vart Cand. theol. i 1891.
Hognestad var ein aktiv målmann som i 1903 blei tilsett som stiftskapellan i Oslo stift for å halda gudstenestar på nynorsk. I 1908 ga han ut den nynorske utgåva av tekstboka til den norske kyrkja. Han deltok i utforminga av Altarboka frå 1920 og Nynorsk salmebok frå 1925.
I 1908 blei Hognestad tilsett som lærar i gammaltestamentleg teologi ved Menighetsfakultetet. I 1916 vart han biskop i Bjørgvin bispedøme. Han var engasjert i arbeid for fred, avhald og økumenisme.
Hognestad er mellom anna kjend for å ha omsett salma «Det hev ei rosa sprunge».
[endre] Utgjevingar
- Hovudredaktør for Studentmållagsbibelen, som kom ut i 1921. Den fyrste heile utgåva av Bibelen på landsmål
- Tekstbok og altarbok for Den norske kyrkja 1908.
- Nynorsk salmebok saman med Anders Hovden og Bernt Støylen i 1925.
- Meiningar om Jesus 1907, ein kritikk av Arne Garborg si Jesus Messias.
- Det gamle testamentet og bibelsoga 1912
- Preikaren 1915
- Daapskristendom og vekkjingskristendom 1918
- Kyrkja er mor 1925
- Olsok; med minne og maning 1930
- Gud styrer 1931
- Kvila i Gud 1933
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Store norske leksikon