Plovdiv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over Plovdiv | |
Lokalisering | |
---|---|
Plassering i Bulgaria | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Bulgaria Plovdiv |
Ordførar | Ivan Tsjomakov |
Geografi | |
Flatevidd - By |
101 km² |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
340 873 3 352/km² |
Koordinatar | 42°9′0″N, 24°45′0″E |
Høgd over havet | 164 m |
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) |
Diverse annan informasjon | |
Heimeside: plovdiv.bg |
Plovdiv (bulgarsk Пловдив) er den nest største byen i Bulgaria etter hovudstaden Sofia, med eit folketal på 341 873 ([1]). Byen er det administrative senteret i provinsen Plovdiv sør i Bulgaria, i tillegg til den største og viktigaste byen i det historiske området Øvre (eller Nordlege) Trakia, vidkjend for sin eldgamle og mangfaldig kultur og tusenårige historie.
Byen ligg ved elva Maritsa, om lag 130 km aust for Sofia.
[endre] Historie
Plovdiv si historie strekk seg 6 000 år tilbake i tid, noko som gjer byen til ein av dei eldste byane i Europa. Byen heitte Eumolpia då han i 342 f.Kr. vart erobra av Filip II av Makedonia, som omdøypte byen til Filippopolis. Byen vart seinare ein sjøvstendig trakisk by under namnet Pulpudeva, før han vart ein del av Romarriket og hovudstad i Trakia. Romarane kalla byen Thrimontium.
Slavarane erobra byen på 500-talet før bulgararane tok over byen i 815. Namnet Plovdiv fekk byen på 1400-talet.
Då Bulgaria var under Det osmanske riket på 1800-talet, vart den bulgarske kampen for sjølvstende leia frå Plovdiv, men då byen vart frisett frå osmanarane etter Slaget ved Plovdiv i 1878 vart han likevel ikkje ein del av fyrstedømet Bulgaria, og vart i staden hovudstad i det osmanske Aust-Rumelia fram til 1885 då han vart ein del av Bulgaria.
[endre] Kjelde
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Plovdiv frå Svensk Wikipedia.