Reinsdyr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reinsdyr |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Reinsdyr i Nord-Amerika. |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Rangifer tarandus (Linnæus, 1758) |
Rein (Rangifer tarandus), eller reinsdyr som det også vert kalla, er eit hjortedyr (Cervidæ) i ordenen partåa hovdyr (Artiodactyla). Reinsdyret lever i dei nordlegaste landområda på jorda, og klarar seg fint i ekstrem kulde og djup snø. Reinsdyret skil seg frå resten av hjortedyra ved at også hoa har gevir.
Dyra har særleg vore viktige i samisk kultur, der dei er blitt haldne som tamrein i lange tider. I nyare tid er og reinsdyr blitt forbunde med jula og julenissen, særleg i engelsktalande land.
Innhaldsliste |
[endre] Åtferd
Reinsdyret er eit flokkdyr, og går saman i grupper frå tjue dyr til fleire tusen. Reinsdyret bruker først og fremst luktesansen for å forsterke sanseinntrykket sitt av verda, då den ser ganske dårleg.
Reinsdyret er i tillegg ein god symjar, og klarer utan problem å krysse elver og sund. Det er heller ikkje noko treigt dyr, og kan i korte periodar nå ein fart på over 60 km/t. Vanlegvis held det ein hastigheit på litt under det halve.
[endre] Føde
Omtrent halvparten av reinsdyret si føde består av lav, men dei et også skot frå buskar, bjørkeblad og gras om våren og sommaren. Om vinteren, når det er knapt med mat, kan ein ofte sjå reinsdyr som grev vekk snøen for å komme til lavet som ligg under.
[endre] Forplanting
Paringstida føregår i august til november, avhengig av leveområdet. Bukkane (hanndyra) kjemper mot kvarandre og det samlar seg ofte ei gruppe med 10–15 simler (hodyr). Drektigheitstida er på litt over 7 månader, og simla føder vanlegvis éin kalv.
Reinsdyret er det einaste hjortedyret der hodyret også har gevir, og dette geviret har simlene heilt til dei har født. I denne perioden har ikkke bukkane gevir. Simlene har makta denne perioden og har fyrsterett til maten sidan ho ber kalven. Reinsdyrkalven kan halde høge hastigheitar allereie innan 24 timer etter fødselen. Dette, saman med det at reinen held seg samla, minskar sjansane for at reinsdyrkalvene vert tatt av rovdyr.
[endre] Tilstand og utbreiing
Reinsdyret er ikkje utryddingstrua, men har forsvunne frå nokon stader i Canada og Sibir etter at vasskraftutbygging har øydelagd gamle trekkvegar. I Nord-Europa er det blitt for mange reinsdyr, og mange reinsdyr er no trua med matmangel.
Den einaste villreinstammen i Europa lever i fjella i Sør-Noreg.
[endre] Underartar
- Svalbardrein (R. tarandus platyrhynchus) finst på Svalbard, og er den minste underarten av reinsdyr.
- Villrein (R. tarandus tarandus) finst på tundraen frå Fennoskandia i vest tvers over det eurasiske kontinent til Beringsundet i aust.
- Skogsrein (R. tarandus fennicus) Vill skogsrein i Fennoskandia finst berre i to område, i finsk/russiske Karelia, og ein liten populasjon i sentrale, sørlige Finland. Karelia-dyra er også langt inn i Russland, og det er spørsmål om dei reinsdyra lenger aust også er "fennicus".
- Nord-amerikansk reinsdyr (R. tarandus caribou) Som finst i nord-amerikanske skogar så langt sør som Maine og Washington. Caribouen har forsvunne frå mesteparten av deira originale område, og er sett på som trua der dei framleis er, bortsett frå Migratory Woodland Caribou i det nordlege Quebec og Labrador, Canada.
- Høgarktisk kanadisk rein (R. tarandus pearyi) finst på øyene i den kanadiske Arktis.
- Grønlandsrein (R. tarandus groenlandicus) finst i det nordlege Canada. Dette er den mest talrike av underartane i Nord Amerika.
- Alaskacaribou (R. tarandus granti) finst på Alaska og det nordvestlege Canada.
- Arktisk reinsdyr (R. tarandus eogroenlandicus) er ei Aust Grønland populasjon som har vore utdøydd sidan 1900.
[endre] Rein i kulturen
Rein som har blitt temma, ofte kalla tamrein, er eit viktig dyr i nordområda fordi han er så allsidig. Reinen har opp gjennom tida blitt brukt til mat, klede i form av reinsdyrpels og som trekkdyr. Samar som heldt reinsdyr brukte til og med geviret til reinsdyret til å lage reiskapar med, og senene til reinen som sytråd. Reinen er framleis det viktigaste dyret for samane.
Reinsdyret er ofte også forbunde med julenissen; det trufaste reinsdyret hans, Rudolf, og åtte andre, trekker julenissesleda over himmelen. Det finst likevel ingen kjende underartar av reinsdyr som kan fly.