Ruijan Kaiku
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruijan Kaiku (‘Atterklangen frå Noreg’) er ei tospråkleg avis (finsk/kvensk og norsk) som kjem ut i Tromsø.
Ruijan Kaiku vart grunnlagt i 1995, og kom i byrjinga ut annakvar veke. Etter økonomiske vanskar kjem ho no ut ein gong i månaden, men framleis i det same avisformatet (tabloid, 8-16 sider) som ved oppstarten. Sjefsredaktør frå starten av har vore Liisa Koivulehto.
Ruijan Kaiku skriv mest om kvenske tilhøve, og om arbeidet for å styrke kvensk og finsk språk og kultur i Noreg. I tillegg skriv avisa om kva som skjer i dei ulike Finskforeiningane i Noreg, om tilhøvet for andre austersjøfinske minoritetar i Norden og nærområda.
[endre] Eksterne lenkjer
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |