Sør-Varanger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 2030 |
Fylke: | Finnmark |
Administrasjonssenter: | Kirkenes |
Flatevidd: | 3967,0 km² |
Folketal: | 9 490 (2007) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.svk.no |
Politikk | |
Ordførar: | Tone Hatle (H) 2003-2007 |
Sør-Varanger er ein kommune i Finnmark. Folketalet var på 9 463 per 1.1.2005, og kommunen har eit flatemål på om lag 3 967 km². Kommunen ligg i det nordaustre hjørnet av fylket, og grensar til Nesseby kommune i vest, Petsjenga (Russland) i aust og Enare (Finland) i sør. Klimaet er subarktisk, eit tørt innlandsklima prega av kalde vintrar og relativt varme somrar.
Kommunesenteret ligg på Kirkenes, der det bur om lag 3 500 ibuarar. Kirkenes er ein av dei største byane i Finnmark, og er vendepunkt for Hurtigruta og E6. I kommunen er det òg mellomriksveg til Russland og Finland, med tollstader på Storskog (Russland) og Neiden (Finland). Kommunen har eigen flyplass med direkteflygingar til Oslo (Gardermoen), og elles til flyplassar i Finnmark og Troms.
Kommunen vart bygd opp kring gruveselskapet AS Sydvaranger, som dreiv jernmalmgruvene i Bjørnevatn i perioden 1906-1996.
Kirkenes ligg strategisk plassert sentralt i Barentsregionen, og er i dag eit viktig knutepunkt i utviklinga av næringssamarbeid med Nordvest-Russland. Dei viktigaste næringane på Kirkenes er hamnerelaterte verksemder (skipsreparasjon, service) og ulike verksemder retta mot Nordvest-Russland. Andre viktige næringar i Sør-Varanger er handel, reiseliv, sjukehusdrift, jordbruk, reindrift og kommunal verksemd.
Før gruvene i Bjørnevatn vart starta, var Sør-Varanger fyrst og fremst eit samfunn basert på reindrift og fiske, med i hovudsak aust- og nordsamisk og finsk folkesetnad. Etter at gruvene vart opna vart det auka norsk busetnad, og som ei fylgje av den norske bureisingspolitikken vart Pasvikdalen forvandla frå eit område dominert av tradisjonell samisk og finsk næringsverksemd til eit jordbruksområde der norske bønder vart prioriterte av det statlege jordsalsstyret.
Andre stader i Sør-Varanger er Bugøyfjord, Bugøynes, Hesseng, Jarfjord, Neiden, Sandnes, Skogfoss og Svanvik.
Russland har eit generalkonsulat på Kirkenes, og fleire land har honorære konsular i byen.
Sør-Varanger har tre venskapskommunar: Enare (Finland), Petsjenga (Russland) og Severomorsk (Russland). Samarbeidet med Petsjenga har vart i over 20 år, og er særleg utvikla på kultursektoren.
Innhaldsliste |
[endre] Tettstader i kommunen
[endre] Kjende personar frå Sør-Varanger
- Grete Haagenrud, forfattar
- Per Oskar Kjølaas, biskop i Nord-Hålogaland
- Bendik Rugaas, tidl. nasjonalbibliotekar og planleggings- og samordningsminister
- Vegard Ulvang, skirennar
[endre] Venskapsbyar
- Finland: Enare
- Russland: Petsjenga
- Russland: Severomorsk
[endre] Eksterne lenkjer
- Sør-Varanger kommune sine heimesider
- Sør-Varanger bibliotek
- Turistinformasjonen
- Kirkenes lufthamn, Høybuktmoen
|