Sarajevo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sarajevo om vinteren | |||||
|
|||||
Kallenamn «Den olympiske byen» |
|||||
Lokalisering | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kart over Bosnia-Hercegovina | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Kommune |
Bosnia-Hercegovina Føderasjonen Bosnia-Hercegovina & Republika Srpska Sarajevo kommune |
||||
Ordførar | Semiha Borovac | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
142 km² |
||||
Innbyggjarar - By (2006) |
429 672 |
||||
Koordinatar | 43°52′0″N, 18°25′0″E | ||||
Høgd over havet | 500 m | ||||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Heimeside: www.sarajevo.ba |
Sarajevo er hovudstaden og den største byen i Bosnia-Hercegovina. med eit innbyggjar tal på rundt 430 000 (i 2006)[1] Byen er òg hovudstad i Føderasjonen Bosnia-Herzegovina og Republika Srpska, i tillegg til sentrum i Sarajevo kommune. Sarajevo ligg i Sarajevodalen i Bosnia omgjeve av Dei dinariske Alpane ved elva Miljacka. Byen er kjend for å ha eit religiøst mangfald der tilhengjarar av islam, katolisme, den ortodokse kyrkja og jødedomen har levd side om side i fleire hundrår. Sarajevo vert rekna for å vere ein av dei mest kulturelt viktige byane på Balkan.
Sjølv om det har vore busetnadar her sidan antikken vart den moderne byen til som eit ottomansk tilfluktsstad på 1400-talet.[2] Sarajevo fekk mykje internasjonal merksemd på 1900-talet. I 1914 var byen åstad for drapet på Franz Ferdinand, som utløyste Den første verdskrigen. I 1984 vart Vinter-OL halde her, medan byen på 1990-talet gjennomgjekk den lengste omleiringa i moderne militærhistorie under Bosnia-krigen. I dag er ein ferd med å byggje opp att byen som sentrum for den kulturelle og økonomiske utviklinga i Bosnia-Hercegovina.[3]
[endre] Kjelder
- ↑ Federal Office of Statistics, Federation of Bosnia and Herzegovina. http://www.fzs.ba/Eng/gode.htm#POPULATION
- ↑ Valerijan, Žujo; Imamović, Mustafa; Ćurovac, Muhamed (1997). Sarajevo. Svjetlost.
- ↑ Kelley, Steve. Rising Sarajevo finds hope again. The Seattle Times.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |