Shanghai
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shanghai (Shànghăi, Zanhe) er den største byen i Kina og verdas største hamneby. Folketalet er anslått til 13 356 000 innbyggjarar (2005), inkludert forstader. Innanfor bygrensene er det 9,3 mill. innbyggjarar.
Shanghai er ein byprovins, ein «regjeringsumiddelbar by», dvs. som er direkte understilt sentralregjeringa i Kina og har same status som ein provins.
Byen har stor historisk betydning, men i dag blir byen først og fremst knytta til stor økonomisk vekst. Bydelen Pudong er det finansielle sentret i Shanghai og har vakse fram som eit av verdas fremste økonomiske område.
[endre] Namnet Shanghai
Dei to kinesiske skriftteikna for bynavnet «Shanghai» betyr «opp/over» og «hav». Første gongen ein kjem over dette namnet er under Song-dynastiet. Da er «Shanghai» namnet både på staden der to elvar flyt saman, og for ein liten by på denne staden. Det er uklart korleis namnet vart til og korleis det skal tolkast.
[endre] Administrativ inndeling
Shanghai er delt inn i 19 einingar på fylkesnivå: 18 distrikt og eitt fylke.
Ni av distrikta dekkjer «Puxi», som er dei eldre delane av Shanghai sine bymessige delar og forstader på vestbreidda av elva Huangpu:
- Huangpu-distriktet (Huángpǔ Qū)
- Luwan-distriktet (Lúwān Qū)
- Xuhui-distriktet (Xúhuì Qū)
- Changning-distriktet (Chángníng Qū)
- Jing'an-distriktet (Jìng'ān Qū)
- Putuo-distriktet (Pǔtuó Qū)
- Zhabei-distriktet (Zháběi Qū)
- Hongkou-distriktet (Hóngkǒu Qū)
- Yangpu-distriktet (Yángpǔ Qū)
«Pudong», eller dei nyare delane av Shanghai sine bymessige delar og forstader på austbreidda av Huangpu, er eit eige distrikt med namnet Pudong. Før 1992 heitte det Chuansha fylke.
Åtte distrikt dekkjer forstader, satellittbyar og landlege område lengre vekk frå bykjerna:
- Baoshan-distriktet (Bǎoshān Qū) — Baoshan fylke til 1988
- Minhang-distriktet (Mǐnháng Qū) — Shanghai fylke til 1992
- Jiadingv-distriktet (Jiādìng Qū) — Jiading fylke til 1992
- Jinshan-distriktet (Jīnshān Qū) — Jinshan fylke til 1997
- Songjiang-distriktet (Sōngjiāng Qū) — Songjiang fylke til 1998
- Qingpu-distriktet (Qīngpǔ Qū) — Qingpu fylke til 1999
- Nanhui-distriktet (Nánhuì Qū) — Nanhui fylke til 2001
- Fengxian-distriktet (Fèngxián Qū) — Fengxian fylke til 2001
Chongming-øya, ved osen av Yangtzeelva, er styrt av Chongming fylke (Chóngmíng Xiàn).
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |