Skjærtorsdag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daa dei heldt kveldsverd, og djevelen alt hadde skote det i hugen
|
||
Skjærtorsdag er ein dag i den kristne påskeveka og feirer det siste måltidet Jesus hadde med disiplane sine før han blei krossfesta. Ordet kjem frå norrønt skíriþórsdagr som tyder reinsetorsdag (jf. skjær, 'rein)', som siktar til at Jesus vaska føtene til disiplane kvelden dei hadde det siste måltidet. Under dette måltidet innstifta Jesus den heilage nattverden.
Dagen blir markert siste torsdagen før påske. På messa i kyrkja vert det siste måltidet minna ved at kyrkjelyden feirar nattverd. Skjærtorsdag er dagen før langfredag, og det kan bli markert ved at all pynt vert fjerna frå altaret ved slutten av gudstenestaa. Lys, blomar, vaser og dukar blir bore bort slik at altaret framstår blottlagt til langfredagsgudstenesta.