Slaget ved Stamford bru
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Stamford bru | |
---|---|
Slaget ved Stamford bru av Peter Nicolai Arbo |
|
Konflikt: Vikinginvasjonen av Storbritannia | |
Dato: Mandag 25. september 1066 | |
Stad: Stamford Bridge | |
Utfall: Avgjerande engelsk siger | |
Partar | |
Det angelsaksiske England | Norske vikingar |
Leiarar | |
Harold Goodwinson | Harald Hardråde |
Styrker | |
Ukjent | 300 skip, 5 000 mann |
Tap | |
Ukjent | 276 skip, 4 500 mann |
Vikinginvasjonen av Storbritannia | |
Slaget ved Stamford bru |
Slaget ved Stamford bru stod den 25. september 1066, nord i England, mellom den norske og engelske kongen.
Kong Harald Hardråde leidde eit norsk felttog mot England saman med Tostig, bror til den engelske kongen Harold Godwinson, som meinte han var blitt sviken. Harald var nett krona til engelsk konge, og nordmennene venta liten motstand. Dei vann då òg over jarlane Edwin av Mercia og Morcar av Northumbria ved Fulford, like sør for York. Men då dei kom lenger sør og møtte sjølve den engelske hæren, mislukkast felttoget, og Harald Hardråde fall ved Stamford bru.
Hendinga har liten plass i engelsk historieskriving, og kjem lett i skuggen av alt som hende seinare det året. Slaget var jamvel avgjerande for ettertida, av di det bidrog til å svekkje den angelsaksiske heren så mykje at han tapte mot den normanniske invasjonen i slaget ved Hastings like etter. Det markerte òg slutten på vikinginvasjonane av England.
Winston Churchill spekulerer i si Historie over kva som kunne hendt om dei to invasjonane hadde skjedd i omvend rekkefylgje, og prisar seg lukkeleg over at England vart del av ei kontinental stormakt og ikkje ei skandinavisk.