Tadsjikisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tadsjikisk er det offisielle språket i Tadsjikistan, og vert òg tala i andre delar av Sentral-Asia. Det er ein variant av farsi. Dei største skilnadane frå farsi er at tadsjikisk vert skrive med det kyrilliske alfabetet og inneheld mange russiske lånord, som fylgje av lang russisk kulturell dominans i Tadsjikistan. Det er eit iransk språk, i den indoeuropeiske språkfamilien. Dei fleste tadsjikisktalande bur i Tadsjikistan, Usbekistan, Afghanistan og vest-Pakistan.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |