Farsi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nokre norske ord med opphav i farsi |
Farsi *(فارسی) eller persisk (òg kalla dari) er eit iransk språk som har status som offisielt språk i Iran og Afghanistan, og som òg blir snakka i Usbekistan og Qatar. Til saman 61 millionar menneske har dette språket som morsmål. Gjennom Persarriket har språket hatt stor historisk tyding og utbreiing, og det har fortsatt ein høg status mange stader. Farsi blir skrive med ei tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet, dette blir ofte kalla det persiske alfabetet.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Farsi er riksmålet i Iran, der over 50% av innbyggjarane har det som morsmål. I tillegg blir det tala i Sentral-Asia, Afghanistan, Pakistan og India, der det gjerne har status som eit danna, litterært språk.
Som folkespråk er det utbreidd over heile det gamle Persarriket, bortsett frå Aserbajdsjan, der det er blitt fortrengd av tyrkisk, i nordre Khorasan der turkmensk har erstatta det, og på vestkysten av Kaspihavet opp til Baku.
[endre] Språkhistorie
Farsi høyrer til den iranske greina av dei indoiranske språka. Den historiske utviklinga kan delast inn i tre: Gammalpersisk, mellompersisk eller pehlevi, og moderne persisk, eller farsi.
Dei fonetiske særmerka i den språklege utviklinga frå gammalpersisk til farsi (jfr zend) er hovudsakleg bortfall av endevokalar og at ustemde k, t, p, c (tsj) er blitt stemde g, d, b, z. Døme:
Gammelpersisk
|
Mellompersisk
|
Farsi
|
|
«død» |
mahrka
|
mark
|
marg
|
«sjølv» |
xvato
|
xvat
|
xud-
|
«vatn» |
api
|
ap
|
ab
|
«dag» |
raucah
|
rojj
|
roj, roz
|
Vidare har f og nokre gonger d blitt til h. Døme:
gammalpersisk
|
mellompersisk
|
farsi
|
|
«fjell» |
kaufa
|
kof
|
koh
|
«plass» |
gaõué1
|
gås
|
gäh
|
«eg gjev» |
dadämi
|
|
diham
|
«fot» |
päõa2
|
|
päy, päi
|
1I staden for -tus. 2Berre i avestaen.
Morfologisk står gammalpersisk på omlag same nivå som sanskrit. Nomen, men ikkje verb, har dualis, og av dei åtte kasusa i sanskrit manglar gammalpersisken bare dativ. Verbet har både konjunktiv og optativ, sama rike utbyggjing av presensstammen of omlag same tempus som sanskrit. Mellompersisk har ei total ombygging, og er i hovudtrekk identiske med moderne farsi.
Frå starten av hadde nypersisk dei korte vokalane a, i, u, og dei lange æ, i, u, e (opprinneleg ai) og ø (opprinneleg au). I moderne persisk blir opprinneleg a uttala som ope e (eller æ), æ som norsk å, og e og ø som i og u. Til dømes heitte det før Eran, no Iran og før kõh og rõz, no küh og rüz. Denne fonetiske endringa er, i tillegg til den innverknaden arabisk har hatt på språkbruk og ordforråd nesten den einaste utveklinga nypersisk har gjennomgått dei seinaste 900 åra.
[endre] Fonologi
Vokalar
|
|
Konsonantar
labialar
|
palatalar
|
glottalar |
|||
stemda klusilar |
p [p]
|
č [ʧ]
|
k [k]
|
' [ʔ]
|
||
stemde klusilar |
b [b]
|
ǰ [ʤ]
|
g [g]
|
|||
ustemde frikativar |
f [f]
|
š [ʃ]
|
x [x]
|
h [h]
|
||
stemde frikativar |
v [v]
|
z [z]
|
ž [ʒ]
|
ɣ [ɣ]
|
|
nasalar |
n [n]
|
||||
likvidar |
l [l], r [r]
|
||||
halvvokal |
j [j]
|
Trykket ligg i hovudsak på den siste stavinga.
[endre] Grammatikk
Persiske verb kan uttrykkje tempus og aspekt og blir bøygde i person og numerus. Det finst ikkje noko grammatisk genus. Suffiks er vanlegast, men prefiks førekjem òg. Verbet blir sett sist i setninga.
I formbygninga er persisk sterkt forenkla samanlikna med gammalpersisk. Alle kasusa har forsvunne, men språket har bygd opp ein ny possessivpartikkel mellom det styrande og styrte (for eksempel barâdar-i-pidar («broren-farens»)) samt ei objektform som er merka med postposisjonen -rå (gammalpersisk rad («veg»)), ofte med ordet mar framom, for eksempel mard-râ («åt mannen»).
Pluralendinga -än har oppstått frå genitiv pluralis -än og -äm for animatar og -ha for inanimatar (men i noverande daglegtale alltid -hâ), for eksempel mardân («menn»), gul-hâ («roser»). Dualis har forsvunne.
Ingen bunden artikkel finst, men ein ubunden med endinga -e i for eksempel gulë, alternativt yakë gul, («ei rose»).
Adjektivet er ubøyeleg, men blir foreint med det føregåande substantivet sitt gjennom ein possessivpartikkel -i-, for eksempel mardân-i-beh («dei gode mennene»). Komparasjon skjer gjennom endingane -tar och -tann, i for eksempel behtar («betre»), bahtann («best»); av gammaliransk beh, «det gode»).
Personlege pronomen blir possessivbøygd som nomen, til dømes man ('eg'), tu ('du'), pedar-i-man ('min far'), pedar-i-beh-i-tu-râ ('til din gode far'). På same måten som norsk skil persiske pronomen seg frå substantiva ved å ha kasus, og possessiv i dativ-akkusativ blir uttrykt gjennom suffiks, som i pidar-am ('min far'), burd-at ('han bar deg'). Det relative pronomenet ke ('som') er ubøyeleg.
Finitte verbformer blir danna dels av presensstammen: imperativ bar ('bera'), også presens: mibar-am ('eg ber'), futurum, biba-ram ('eg skal bera'), bar-ân ('berande'); dels av perfektstammen: burd-am ('eg bar'), burd ('han bar'), burda ('boren'), burd-an('å bera'). Fleire andre tempus, til dømes passiv, blir danna med hjelpeverb, som i burde-am ('eg har bore'), burd(e)-ast ('han har bore'), og dette blir lagt til grunn for danningar som burdast-am ('eg har bore'); burdâ büd-am ('eg hadde bore'), burda savam ('eg blir boren').
Possessiv kan uttrykkast med innskot av -e- (døme: hønseegg toch-me-morq, eigentleg 'egg—av ei—høne').
[endre] Skrift
Gammalpersisk har vorte bevart for ettertida i dei akemenidiske kileinnskriftene (520-350 fvt.) i ruinane av Persepolis, på klippeveggane ved Behistan, Nakhsch-i-Rustam (nær Susa) og på andre stader. Etter akemenidane sitt fall (331 fvt.) finst ingen kjelder på persisk språk for dei neste fem århundra. Under arsacidane og sassanidane si tid opptrer så mellompersisk med eige alfabet, først i innskrifter, deretter i den såkalla pehlevilitteraturen.
Etter at Persia vart erobra av arabarane (650) følgde igjen ein mesta litteraturlaus periode på over 200 år. Dette varer fram til nypersisk (skrive med arabiske bokstavar) frå og med 800-talet framtrer med omtrent same grammatiske formbygnaden som han har i våre dagar.
Sjå og det persiske alfabetet.
[endre] Litteratur
Dei fleste parsiske skriftene blei øydelagde etter den muslimske erobringa av Persarriket, men parsarane som flykta til India tok med seg nokre av dei viktigaste bøkene, blant dei Avestaen og kommentarboka Zend.
«Gjenfødinga» av den persiske litteraturen, etter nokre århundre der arabisk dominerte, kom med diktarar som Hanzala Rudagi, Belami, Unsuri, Daqiqi og ikkje minst Firdausi. Dette høviske hoffspråket spreidde seg vidt omkring, slik at den kjende farsidiktaren Rumi budde i Konya i dagens Tyrkia, medan Mirza Ghalib levde og verka i India.
Sufidikt er ein viktig del av farsilitteraturen. Diktsamlinga Rubaiyat av Omar Khayyam er kanskje det best kjende farsiverket i Vesten.
[endre] Bakgrunnsstoff
Iranske språk |
Austiranske: | Ossetisk | Jaghnobi | Pashto |
Pamirspråk: | Schugni | Oroskori | Bartangi | Roskani | Sarikoli | Jasgulami | Sangletski | Iskkaskmi | Wakhi | Mundski | Yidgha | Waneci |
Nordvestiransk: | Kurdisk | Kurmanci | Sorani | Zazaki | Lurisk | Gorani | Gilaki | Mazanderani | Schahmirzadi | Balutski |
Sørvestiranske: | Farsi | Dari | Tadsjikisk | Tatisk |