Tastaturoppsett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tastaturoppsett er ei nemning på måten tastane på eit tastatur er organiserte. Datamaskinar kjem med mange ulike slag tastaturoppsett for å tilfredsstilla brukarar av ulike språk, og folk med ulik smak. Vanleg engelskspråkleg oppsett vert kalla QWERTY, kalla etter dei seks bokstavane til venstre på øvste bokstavlina. Vanlege norske tastatur har dei same bokstavane der og kan soleis òg kallast QWERTY. Det finst ulike nasjonale variasjonar over dette (sjå nedanfor), men det finst og heilt ulike alternativ. Det mest vidgjetne og utbreidde er Dvorak forenkla tastatur.
Denne artikkelen er avgrensa til ulike oppsett av vanlege alfanumeriske datamaskintastatur med 102 til 105 tastar. For andre typar tastatur, kan du sjå på tastatur.
[endre] Innleiing - tastaturstruktur
[endre] Alfanumeriske tastar
Hovuddelen av eit alfanumerisk tastatur er tastane som gjev oss bokstavar og tal. Det er i hovudsak oppsettet av bokstavane som varierer mellom ulike tastaturoppsett, men andre tastar kan teknisk sett òg bytast om. Tala finn ein i ei rekkje øvst på tastaturet og på tastatur av full storleik finn ein dei òg i ein eigen bolk heilt til høgre.
[endre] Valtast
Tastar merka med ein blokkbokstav kan skriva både majusklar (store bokstavar) og minusklar (småe bokstavar) ved å nytta "shift" (ofte merka "↑") eller "Caps Lock". "↑" kan òg nyttast til å få fram symbol som står oppe til venstre på ein tast. For å få fram symbola nede til høgre på tastane, må ein halda nede "Alt Gr".
Eit vanleg tastatur har dessutan ein kontrolltast ("Ctrl"), alternativtast ("Alt") og funksjonstastar (F1-F12). Berbare maskiner har oftast ein "Fn-tast". Alle desse tastane kallar me "valtastar".
[endre] Daudtast
Ein daudtast gjev ikkje frå seg noko teikn når du trykkjer på han, men endrar det som kjem frå den neste tasten du trykkjer.
Mange språk nyttar aksentteikn over bokstavane, t.d. ä, û og ñ. Slike lagar ein ved å trykkja ein daudtast før bokstaven. Om du vil ha eit diakritisk teikn åleine (^ ~ ¨ ` ´) trykkjer du mellomromstast etter daudtasten.
[endre] Standardoppsett - QWERTY-variantar
Det finst eit stort tal ulike tastatur for ulike språk. Språk med latinske bokstavar nyttar likevel tastatur som i all hovudsak er like, all den tid dei er variasjonar over QWERTY. Tastatura kan ha namn etter dei fyrste seks bokstavane på tastaturet. Både QWERTZ, AZERTY og QZERTY er variantar av QWERTY. Her er eit lite utval av tastatur.
[endre] QWERTY
Det vanlegaste tastaturet. Her vist i ulike nasjonale variantar.
[endre] Amerikansk-engelsk
Det USA-amerikanske tastaturet nyttar ikkje AltGr eller daudtastar og har ingen diakritiske teikn. Dette gjer det berre eigna til nokre få språk.
Desse tastatura er ikkje berre nytta i USA, men i dei fleste engelsktalande land utanom Storbritannia (sjå nedanfor).
[endre] USA/internasjonalt
Det finst ei utgåve som er betre eigna for andre språk. Den vert kalla "US-International layout". Som du ser at biletet er det her mogleg å få fram aksentteikn og ein heil del bokstavar som ikkje finst i engelsk. Mellom dei Æ, Ø, Å.
[endre] Britisk-engelsk
Det britiske oppsettet liknar det amerikansk-engelske, men har ein del mindre ulikskapar. Det amerikanske har til dømes ikkje teikna £ (britiske pund) eller € (euro).
[endre] Norsk
[endre] Svensk/Finsk
[endre] Dansk
[endre] Brasil-portugusisk
Det finst fleire QWERTY-variasjonar
[endre] QWERTZ
QWERTZ-oppsettet er mykje nytta i Tyskland og store delar av Sentral-Europa. Skilnaden til QWERTY er at Y og Z er bytte om, og mange spesialteikn er bytte ut med sertyske teikn.
[endre] Tyskland og Austerrike (ikkje Sveits)
[endre] Sveits (tysk og fransk), Liechtenstein, Luxemburg
[endre] Rumensk i Romania og Moldova
Dette oppsettet er lite vanleg. Det vanlegaste i desse landa er å nytta amerikansk QWERTY.
[endre] Ungarn
[endre] AZERTY
AZERTY-oppsettet er nytta i Frankrike, Belgia og nokre naboland. Det skil seg slik frå QWERTY:
- A og Q er bytte om
- Z og W er bytte om
- M er flytt til høgre veslefinger (Ø på norsk oppsett)
- Ein må halda inne "shift" for å skriva tal. Utan "shift" får ein opp bokstavar med aksentar.
Det franske AZERTY-oppsettet har spesialbokstavar som ç, à é og è.
[endre] Fransk
[endre] Belgisk
Fil:French (Belgian) keyboard.jpg
Belgisk oppsett er stort sett likt som det franske. Nokre teikn(? ! @ - _ + = §) har andre plasseringar.
[endre] QZERTY
Er brukt i hovudsak, om ikkje utelukkande, i Italia. Det er særs vanleg på skrivemaskiner, men datamaskiner har oftast QWERTY.
- Z og W er bytte om
- M er flytt til høgre veslefinger, som i AZERTY
[endre] Dvorak, Colemak, NEO, XPeRT, QWERAK og andre ergonomiske oppsett
(Dette vert snart rydda opp i!)
Ein del tastatur er forma med tanke på å vera lettare å nytta, ved at tastane er plasserte meir gjennomtenkt enn på QWERTY-variantane. Det mest kjende alternativet av denne typen er Dvorak Simplified Keyboard. Dvorak har namn etter August Dvorak som var den som utvikla oppsettet. Dvorak reduserer fingerrørslene og legg stor vekt på større veksling mellom høgre og venstre hand enn QWERTY. Dei klarar oppsettet serleg gjennom å ha alle vokalane til venstre og dei mest nytta konsonantane til høgre. (Sjå Dvorak for meir informasjon.)
Some languages use the Roman script but with non-QWERTY-based keyboard layouts, such as Latvian and Turkish (the majority of Turkish keyboards are QWERTY, though the "Turkish-F keyboard layout"[1] is older and said to be better suited to the language).
A syllabic chord keyboard is a keyboard with three sets of keys that are used to type in a single syllable with one (combined) keystroke.
Besides Dvorak, other keyboard layouts include:
[endre] QWERTY-based
[endre] QWERTY- and Dvorak-based
- Qwerak (2002)
[endre] Original
- Writer's Keyboard Layout (2006)
- Michael Capewell's evolved layout (2005)
- NEO layout Mal:De icon [4] (2004)
- Plum [5] (2003)
- Arensito (2001)
- Peter Klausler's evolved layout (2002)
- Maltron layout [6] (1977)
- HCESAR (1937)
- Roy E. Hoke's layout (U.S. patent 1,506,426, 1924)
- Sidney W. Rowell's layout (U.S. patent 943,466, 1909)
- DHIATENSOR layout (1893)
[endre] Oppsett for språk med ikkjelatinske alfabet
(Dette kjem etter kvart)
[endre] Oppsett for ikkjealfabetiske språk (språk med andre skriftsystem)
(Meir kjem etter kvart)
[endre] Kinesisk (tradisjonelt)
Maskiner i Republikken Kina (Taiwan) nyttar ofte tastatur av type Zhuyin (bopomofo). Dette er USA-amerikanske tastatur med bopomofo tastmerking. Mange har dessutan merking for Cangjie-metoden. Cangjie er standardmetoden for hurtigtasting på tradisjonell kinesisk. Bopomofo-typen av tastatur har tastane plassert i leksikografisk rekkjefylgd (tilsvarande alfabetisk rekkjefylgd), frå toppen og nedover og frå venstre til høgre.
Merkinga for dei tre tastingsmetodane er vanlegvis trykt slik på tastaturet for tradisjonell kinesisk: Zhuyin (oppe til høgre); Cangjie (nede til venstre); og Dayi (nede til høgre).