Terry Pratchett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terence David John Pratchett, best kjend under forfattarnamnet Terry Pratchett (fødd den 28. april 1948) er ein engelsk fantasy- og science fiction-forfattar. Han er best kjend for Discworld-serien (Skiveverdenen på bokmål). I tillegg til denne har han skrive ei rekkje fantasy-bøker til born.
[endre] Biografi
Terry Pratchett vart fødd i Beaconsfield i Buckinghamshire i England i 1948.
Han publiserte sitt første verk i 1961, då novella «The Hades Business» vart prenta i skuleavisa på skulen hans (Han var 13 år gammal), og seinare prenta om att i Science Fantasy Magazine (blad for fantasy- og scifi-litteratur) i 1963 (og det fekk han 14 pund for). Det neste han fekk prenta var «Night Dweller» i New Worlds Magazine (nummer 156) i november 1965.
Etter at han slutta i skulen i 1965 fekk han seg jobb som lokal journalist for the Bucks Free Press. Om det har han seinare sagt at «eg byrja å arbeide om morgon og såg den første brødteksten min tre timar seinare; «bratt lærekurve» hadde ei meining den gongen.» Etter det gjekk han vidare til ei rekke regionale aviser i sørvest-England.
Medan han arbeidde som journalist vart han tilfeldigvis send for å intervjue ein mann som heitte Peter Bander van Duren, som sat i leiinga i det vesle forlaget Colin Smythe Ltd om ei ny bok selskapet nyleg hadde sluppe på marknaden. Pratchett nemnde at han hadde skrive ein roman, The Carpet People. I 1971 trykte forlaget boka hans.
I 1980 fekk Pratchett stillinga som presseansvarleg for straumselskapet CEGB i eit område dekt av atomkraftverk. I ettertid har han kommentert at han hadde enormt god timing, reint karrieremessig, når han skaffa seg ein slik jobb like etter den store atomkraftverk-ulukka på Three Mile Island i USA.
Då han såg at han tente nok pengar til å leve av å skrive bøker sa han opp jobben i CEGB i 1987, og frå den gongen har han produsert so mykje som to romanar årleg. Statistikk har vist at 1% av alle skjønnlitterære bøker selde i Storbritannia var skrivne av Pratchett. Dette var før den enorme suksessen til J.K. Rowling med Harry Potter.
I 1998 vart Pratchett tildelt ordenen Officer of the Order of the British Empire (OBE, Offiser av det britiske emperiet sin orden) for sine tenestar innan litteratur. «Eg mistenkjer at mine «tenester innan litteraturen» må vere å prøva å la vera å skriva litteratur», var den lett sarkastiske kommentaren has etter utdelinga. Fleire universitet har utnemnt han som æresdoktor i litteratur.
Pratchett har ei dotter, Rhianna Pratchett (fødd 1976), som òg er fantasyforfattar og journalist.
[endre] Discworld
Med over 30 bøker er Discworld-serien eit humoristisk fantasyverk som parodierar alt mellom himmel og jord i den verkelege verda.
The Discworld er ein pizzaforma planet som vert balansert på ryggen av fire enorme elefantar, som igjen traskar rundt og rundt på ryggen på den enorme skilpadda A'Tuin, som sym gjennom universet.
Gjennom Discworld-serien har Pratchett parodiert ei enorm vidd av tema; t.d. scifi- og fantasyfigurar, filmar av Ingmar Bergman, Australia, filmskaping, rock, religion (i massevis), filosofi, monarki, og så bortetter i det uendelege. Stilen er særs sarkastisk og munnrapp.
[endre] Liknande verk
Saman med Ian Stewart og Jack Cohen har Pratchett òg skrive bøker om oppbygginga av verda i Discworld-serien.