Transisjonsmetall
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Transisjonsmetalla er grunnstoffa i gruppene 3-12 i periodesystemet. Dette er dei same gruppene som utgjer d-blokka. For desse grunnstoffa vert d-orbitalane fylt med elektron etterkvart som ein går mot høgre i periodane.
[endre] Eigenskapar
Transisjonsmetalla har høge smeltepunkt og er harde. Smeltepunkta er høgast i gruppe 6. Mange av dei kan ha mange oksidasjonstrinn. Høge trinn er stabile, særleg nede i gruppene. Grunnstoffa kan vera sentralatom i ulike kompleks. Transisjonsmetalla dannar ofte farga sambindingar.
[endre] Sjå òg
- d-blokka
- Kompleks
- Ligandfeltsplitting
- Grunnstoffliste
- Periodesystemet
![]() |
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kjemispirer. |