Treleopard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Treleopard |
||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Treleopard |
||||||||
Systematikk | ||||||||
|
||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||
Neofelis nebulosa Griffith, 1821 |
Treleoparden er ein mellomform mellom store og små kattedyr som finst i regnskog i søraust-Asia. Som namnet seier, lever han stort sett i tre. Arten er særs sky, og ein veit lite om korleis han oppførar seg i vill tilstand.
[endre] Skildring
Treleoparden er slank, men muskuløs. Han har korte bein og lang hale, som hjelper han å halda balansen når han klatrar. Kroppslengda er 60-110 cm, og vekta er ikkje meir enn 15-20 kg.
[endre] Levevis
Ein veit lite om korleis treleopardar lever i naturen. Dei jaktar hovudsakeleg på fugl og små pattedyr om morgonen og kvelden i tre. Som jegarar er dei lydlause og fanger byttet ved å slå med dei breie forlabbane. Midt på dagen og natta kvilar dei i trekroner.
Det er to-fire ungar i kullet, og dei vert fødde om våren. Dei vert overlatt til seg sjølv ved ni-månadars-alderen.
[endre] Kjelder
- «Clouded Leopard» på Engelsk Wikipedia
- Verdens dyr, Cappelen 1985
- Hele verdens dyreliv, LibriArte 1996