Universitet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Universitet (frå latin universitas, helheit) er eit ord på ein høgare utdanningsinstitusjon som gjev undervisning og driver forsking på ymse vitskaplege område.
Dei første universiteta vart grunnlagde i Bologna, Oxford og Paris omkring det 12. århundre. Det eldste i Nord-Europa er universitetet i Rostock, grunnlagt 1419. Dei eldste skandinaviske universiteta er universitetet i Uppsala, grunnlagt 1477, og Københavns Universitet, grunnlagt 1479. I Noreg vart Universitetet i Oslo det første då det i 1811 vart grunnlagt som Det Kgl. Frederiks Universitet.
I løpet av seinmiddelalderen vart universitet sett på som prestisjeprosjekt iverksett av fyrster for å auke statusen til landet sitt.
I Noreg er universitet eit lovbeskytta namn.
[endre] Norske universitet
- Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
- Universitetet for miljø- og biovitenskap
- Universitetet i Bergen
- Universitetet i Oslo
- Universitetet i Stavanger
- Universitetet i Tromsø
[endre] Europeiske universitet
- Universitetet i Bologna