Vinter-OL 1924
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei 1. olympiske vinterleikane | |
Vertsby: | Chamonix, Frankrike |
Deltakande nasjonar: | 16 |
Deltakarar: Menn: |
258 247 11 |
Konkurransar: | 16 |
Idrettsgreiner: | 9 |
Opna: | 25. januar 1924 |
Avslutta: | 5. februar 1924 |
Opna av: | Gaston Vidal |
Norsk flaggberar: | Harald Strøm |
Vinter-OL 1924 vert rekna som dei fyrste olympiske vinterleikane. Idrettskonkurransane, som vart skipa til i Chamonix i Frankrike, vart opphavleg kalla Semaine des Sports d'Hiver («Vintersportsveka»). Veka vart arrangert i samband med sommarolympiaden i Paris. I ettertid gav den internasjonale olympiske komitéen (IOK) dette arrangementet status som dei fyrste olympiske vinterleikane.
Det vart delt ut medaljar i 16 øvingar og 9 idrettsgreiner. Nokre øvingar, som curling og militært patruljeløp, er seinare blitt rekna som demonstrasjonsøvingar. Det vart ikkje føreteke noko slikt skilje i 1924, og i ettertid har IOK gått inn for å godkjenna også desse. Så seint som i 2006 blei curling godkjend som ei fullverdig OL-øving, og deltakarane eller arvingane deira fekk rette medaljar.
Noreg tok fire gullmedaljar, tre av dei kom ved Thorleif Haug. Han vann begge langrennskonkurransane (15 km og 50 km) i tillegg til kombinert. Nordmannen Jacob Thullin Thams vann hoppkonkurransen. Innan kunstløp kom åtteårige Sonja Henie på åttande og sisteplass, men i dei følgande tre leikane skulle ho vinna gull kvart år.
[endre] Medaljestatistikk
Dei beste nasjonane | |||||
---|---|---|---|---|---|
Nr. | Land | G | S | B | Totalt |
1 | Noreg | 4 | 7 | 6 | 17 |
2 | Finland | 4 | 4 | 3 | 11 |
3 | Austerrike | 2 | 1 | 0 | 3 |
4 | Sveits | 2 | 0 | 1 | 3 |
5 | USA | 1 | 2 | 1 | 4 |
6 | Storbritannia | 1 | 1 | 2 | 4 |
7 | Sverige | 1 | 1 | 0 | 2 |
8 | Canada | 1 | 0 | 0 | 1 |
9 | Frankrike | 0 | 0 | 3 | 3 |
10 | Belgia | 0 | 0 | 1 | 1 |
Olympiske leikar (OL) | |
---|---|
Olympiske sommarleikar: 1896 | 1900 | 1904 | 1906 | 1908 | 1912 | 1916 | 1920 | 1924 | 1928 | 1932 | 1936 | 1940 | 1944 | 1948 | 1952 | 1956 | 1960 | 1964 | 1968 | 1972 | 1976 | 1980 | 1984 | 1988 | 1992 | 1996 | 2000 | 2004 | 2008 | 2012 | 2016
|
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Engelsk Wikipedia
- Om medaljegodkjenning i ettertid på timesonline.co.uk