Washington, D.C.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Denne artikkelen handlar om hovudstaden i USA, for artikkel om delstaten sjå Washington.
Washington, D.C. er hovudstaden i USA. Nemninga består eigentleg av to delar: Washington (ein by) og District of Columbia (eit føderalt distrikt). Distriktet styrast av den amerikanske Kongressen, som har delegert ein del makt til byen sine myndigheiter.
Washington er oppkalla etter den fyrste presidenten i USA, George Washington. Byen vart offisielt hovudstad i 1800.
Washington sine innbyggjarar kan stemme ved presidentval, jf. det 23. grunnlovstillegg, men er kun representert i Kongressen av ein delegat utan stemmerett i Representantane sitt hus. Dei har ikkje representasjon i Senatet.
Byen sine lokale myndigheiter består av ein vald borgarmeister og eit bystyre. Lokale avgjerdsler vert imidlertid ikkje så sjeldsynt tilsidesett av den føderale kongressen.
Innbyggjarane betalar alle føderale skattar (som inntektsskatt), så vel som lokale skattar. Borgarmeisteren og bystyret vedtar eit lokalt budsjett som Kongressen har anledning til å endre. Fordi store delar av byen sine verdifulle eigedomar er føderal eigedom, og dermed unnateke frå lokal eigedomsskatt, er byen ofte pengelens.
Washington har 572 059 innbyggjarar (2000). Byen inneheld nokre av USA sine mest berømte bygg, slik som Det kvite hus og Kongressbygningen.
[endre] Eksterne lenker
Delstatar i USA | |
---|---|
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Virginia | Washington | Vest-Virginia | Wisconsin | Wyoming | |
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C. |