Arizona
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Kallenamn: The Grand Canyon State, The Copper State | |||
Hovudstad | Phoenix | ||
Største by | Phoenix | ||
Guvernør | Janet Napolitano | ||
Offisielle språk | Engelsk | ||
Storleik | 295 254 km² | ||
- Areal, land | 294 312 km² | ||
- Areal, vatn | 942 km² (0,32%) | ||
Folketal (2000) | 5 130 632 | ||
Folketettleik | 17,43 /km² | ||
Sambandsstat sidan | 14. februar 1912 | ||
Forkorting | AZ |
Arizona er ein av dei sørvestlege delstatane i USA. Hovudstaden er Phoenix.
[endre] Historie
Dei første europearane som søkte seg inn i området var to spanske munkar som i (1539 og 1540) leita etter dei mytiske Sju gullbyane. Dei første busetnadene var i hovudsak å rekne som misjonsretta. På denne tida var Arizona ein del av den spanske kolonien Mexico. I 1775 grunnla spanjolane Fort Tucson. Etter den meksikanske krigen vart Arizona i 1848, saman med dei andre delane av USA som i dag ligg nord for grensa, amerikansk territorium.
Arizona si historie er full av legender om det gamle Ville Vesten og to av dei mest kjende indianarhovdingane Geronimo og Cochise leia sine stammer i gjentekne strider mot dei kvite.
Byen Tombstone var åstad for den mest kjende revolvarduellen i Vesten – The Gunfight at the O.K. Corral. Staten har omlag 250 000 indianarar i 14 stammer busette i 20 reservat, og det gjer Arizona til ein av dei statane i USA som har flest indianske innbyggjarar.
Arizona er etter Hawaii og Alaska den av delstatane som sist vart innlemma i USA (i 1912).
[endre] Geografi
Arizona er ein av dei sørlegaste delstatane i USA, og består for det meste av flate ørkenlandskap, kor det kan bli ekstremt varmt på sommaren, men også på vinteren er det varmt her.
Grand Canyon ligg i Arizona. Dette underverket består av fleire djupe trange dalar danna av Coloradoelva over fleire millionar år. Eit anna kjent området danna av STORE naturkreftar er Meteor Crater, eit meteorkrater midt i Arizona. Det vart danna av ein meteoritt som slo ned i Arizonaørkenen for rundt 50000 år sidan. Omkrinsen på det er ca 1 km.
Elles grensar Arizona i sør til Mexico, i vest til California og Nevada, i nord til Utah og i aust til New Mexico. Arealet er 295 000 km².
[endre] Økonomi
Den viktigaste industriproduksjonen i staten gjeld elektriske produkt og varer til bruk i kommunikasjons- og flyproduksjon. Arizona har hatt mange kopargruver og framleis kjem meir enn 50% av den samla koparproduksjonen i USA frå Arizona. Fleire jordbruksprodukt er viktige i økonomien, viktigast er kreaturoppdrett, meierivarer og bomull.
Delstatar i USA | |
---|---|
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Virginia | Washington | Vest-Virginia | Wisconsin | Wyoming | |
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C. |