Antonio Vivaldi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antonio Lucio Vivaldi (4. mars 1678– 28. juli 1741) var ein italiensk komponist og fiolinist.
Vivaldi vart fødd i den italienske byen Venezia. Han hadde seks søsken. Det var far hans, Giovanni Battista Vivaldi, som òg var fiolinist i det berømte orkesteret i Markuskyrkja, som lærte Antonio å spele fiolin.
Antonio blei fyrst utdanna til prest som foreldra ville, sjølv om det var lærar og komponist han sjølv ville bli. I 1703 vart han likevel tilsett som fiolinlærar ved barnekonservatoriet i Venezia, «Il Pio Ospedale della Pietà». Der lærte han foreldrelause jenter å spela fiolin, og denne jobben hadde han heile livet. Jentene oppnådde svært gode resultat då dei opptrådte, og dei var godt kjende i heile Europa. Ved sida av undervisninga dyrka Vivaldi evnene sine som fiolinvirtuos, orkesterleiar og komponist.
«Il prete rosso» (‘Den raude presten’) vart kallenamnet hans på grunn av at han hadde ein stor ørnenase og flammande raudt hår.
Vivaldi skreiv mange musikkstykke for jentene han underviste, og for andre. Alt i alt skreiv han omlag 500 konsertar og nesten like mange sonatar. Det mest kjende verket hans i dag er «Dei fire årstidene», som er 4 fiolinkonsertar med 3 satsar i kvar konsert. Verket blei skrive i 1725.
Eit av Antonio Vivaldi sine mest kjende verk er og «Magnificat» som blei skrive mellom 1713 og 1717. Dette korverket inneheld 9 korte satsar for kor, solo og orkester. Opningsstykket i verket er «Et misericordia», som tyder «og miskunna hans varar i æva», og det siste stykket i verket er «Gloria», som er omsett til norsk med «Ære vere Gud». Teksten skildrar korleis Maria fortalde til Elisabet og Sakarias at ho skulle føde Guds born. Tekstane til «Magnificat» står skrive på veggane i det gamle huset i fjellbygda Ain Karim, tre timar vest for Jerusalem, der Maria skal ha møtt Elisabet og Sakarias. Teksten blir og brukt i den katolske liturgien som ein høgtideleg avslutning på kveldsgudstenesta.
Johann Sebastian Bach var ein av Vivaldi sine største beundrarar. Bach arrangerte fleire av strykekonsertane til Vivaldi for å hedra Vivaldi, som var veldig populær i barokken.