Cubakrisa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cubakrisa var ein spent konfrontasjon mellom Sovjetunionen og USA, i løpet av den kalde krigen. Bakgrunnen var Sovjet si plassering av atomrakettar på Cuba. Den mest intense tida byrja den 16. oktober 1962, då president John F. Kennedy fekk sjå fotografiske prov på sovjetiske installasjonar for avfyring av atomvåpen, og vara i 13 dagar til den 28. oktober 1962, då den sovjetiske leiaren Nikita Khrusjtsjov avgjorde at installasjonane skulle demonterast. Krisa vert i ettertid oppfatta som den tida då den kalde krigen var nærast å verta ein atomkrig, eller tredje verdskrig.
Ein annan viktig bakgrunn for Cubakrisa var invasjonen i Grisebukta (Bahia de Cochinos) 17. til 19. april 1961. Invasjonsstyrkane var mykje folk som hadde bakgrunn frå Cuba, med stønad frå USA. Invasjonen vart slegen attende, men dei cubanske leiarane med Fidel Castro og Che Guevara i spissen, var overtydd om at USA ville slå til med eit nytt og langt større åtak. Cuba knytta slik sterkare band til Sovjetunionen.
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |