Dresden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dresden, eller Drježdźany på sorbisk, er hovudstaden til den tyske delstaten Sachsen, og ligg ved elva Elben. Byen har offisielt 490.000 innbyggjarar (2005), men medrekna innbyggjarane som bur i byområda omkring er talet nærare ein million. Dresden er kulturelt, politisk og økonomisk hovudsenter i området sitt.
Byen er blitt kjend som offer for eit øydeleggjande bombeåtak mot slutten av den andre verdskrigen, som øydela størstedelen av bysentrum og drap eit stort antal menneske (estimert frå 25.000 til 135.000 avhengig av kjelde, med 35.000 som det mest offisielle talet). Trass i bombinga har byen mange vakre bygningar, mange av dei atteroppbygde etter krigen. Frauenkirche, eit tidlegare landemerke for byen som gjekk med i åtaket, er i ferd med å bli restaurert i 2005.
Før bombinga var Dresden kjend som ein av dei vakraste byane i Europa, med ei stor samling bygg frå barokken. På grunn av dette har han fått tilnamnet Elbflorenz, eller Firenze ved Elben. Nyare nemningar er «den tyske Silicon Valley», på grunn av den sterke satsinga på teknologiforsking.
[endre] Peikar ut
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |