Edinburgh
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edinburgh | |
---|---|
Status: | By |
Folketal: | 448 624 (2001) |
Region: | Edinburgh by |
Trad. grevskap: |
Edinburgh (skotsk gælisk Dùn Éideann) er hovudstad og den nest største byen (etter Glasgow) i Skottland. Administrativt utgjør han saman med omegnen regionen Edinburgh by. Han ligg ved breidden av Firth of Forth.
Byen har vore hovudstad i Skottland sidan 1492, og er nå sete for Parlamentet i Skottlands, som blei gjenoppretta i 1999. Både den gamle og den nye byen blei tatt inn på lista over Verdsarv an UNESCO i 1995.
Innhaldsliste |
[endre] Namnet
Ein meiner at namnet på byen kjem frå brytonisk Din Eidyn, Fortet til Eidyn. Dette stammar frå tida da området tilhørte Gododdin, i tidlig mellomalder.
Etter å ha blitt tatt av anglarar frå Bernicia blei namnet endra til Edin-burh. Enkelte har hevda at dette tyder Edwin-fort, etter Edwin av Northumbria, men namnet ser ut til å vera frå før tida hans, og det er større grunn til å tru at det er ei forvansking av det brytoniske namnet.
Byen har au kallenamnet Auld Reekie (Gamle røykfylte). Den neoklassiske arkitekturen og den skotske opplysningstida i det 18. århundret har gitt den kallenamnet Det nordlige Athen. Ein forfattar har antyda at Det sørlege Reykjavik hadde vært meir passande.
Det moderne gæliske navnet, Dùn Éideann, har au blitt forvanska som Dunedin, eit namn byen til tider har gått under.
Mange skottar brukar kallenamnet Embra, og diktaren Robert Fergusson kalte byen Edina.
Det historiske senteret er delt i to av Princes Street Gardens. Mot sør dominerast bybildet av Edinburgh slott, som står på ei vulkansk klippe. Nedanfor slottet ligg gamlebyen, som følger åsryggen. Mot nord ligg den nye byen. Parkanlegget blei påbegynt i 1816 på myrland som tidlegere hadde vore ein innsjø, Nor'Loch.
[endre] Hamna
Hamna i Edinburgh ligg i Leith. Bydelen har ein særeigen karakter, og det var stor motstand da han blei innlemma i Edinburgh by, fordi han da blei knytta nærare til storbyen. Han er fortsatt ein eigen by, men administrerast saman med Edinburgh.
[endre] Kultur
Edinburgh er base for fleire verdskjente arrangement. Blant desse er Edinburghfestivalen, som er eit samleomgrep på eksplosjonen i festivalar som skjer i august kvart år - blant desse er Edinburgh Fringe Festival, Edinburgh Book Festival, Edinburgh Film Festival og Edinburgh Military Tattoo.
[endre] På verdsveven
- Wikitravel (engelsk)
- Universitetet i Edinburgh (engelsk)
- EdinburghGuide.com – kva skjer i Edinburgh (engelsk)
- Loch Ness Discovery Centre, Edinburgh (engelsk)
- Arkitekturen til Edinburgh (engelsk)
- Landemerke frå gamle Edinburgh (engelsk)
- Nettstaden til Edinburgh Fringe Festival (engelsk)
- BAA – informasjon frå Edinburgh lufthamn (engelsk)
- Hotell i Edinburgh (engelsk)
- Pubar i Edinburgh (engelsk)
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |