Frihetsvernet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frihetsvernet var navnet på eit norsk politisk parti som stilte til val i Oslo ved stortingsvalet i 1965. Anders Lange, som seinare stifta Anders Langes parti (seinare Framstegspartiet), var ein av hovudmennene bak partiet. Frihetsvernet oppnådde 0,05 % av røystene i Oslo og vart dermed ikkje representert på Stortinget. Partiet stilte ikkje til val ved stortingsval igjen.