Kristent Konservativt Parti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristent Konservativt Parti er eit tidlegare politisk parti i Noreg. Partiet oppsto i 1989 då minipartiet Fredspartiet endra navn. På denne tida kravdest det 5000 underskrifter for å registrera eit nytt parti. Derimot kravdest det ingenting for å endra partinavn. Derfor skjedde det ved fleire høve at nye småparti omgjekk underskriftskravet ved formelt å ta over partinavnet til andre småparti som låg brakk, og så endra navnet.[1] Fredspartiet hadde på denne måten oppstått gjennom fleire navneskifte frå det opphavleg registrerte Noregs Demokratiske Parti.
Kristent Konservativt Parti stilte til val ved stortingsvala i 1993 og 1997. I 1993 fekk det 1974 røyster (0,08 %), i 1997 fekk det 1386 røyster (0,05 %).
Det vart fusjonert med Samlingspartiet Ny Fremtid den 26. september 1998 til Kristent Samlingsparti.
Partiet hadde aldri noka stor oppslutting, men seinare stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle, blei i si tid vurdert som toppkandidat i Hordaland.
![]() |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |