Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti var eit politisk parti som stilte til val i Noreg i 7 fylke ved stortingsvalet 2001. Partiet oppsto ved at Tverrpolitisk Folkevalde endra navn i 1998. Tverrpolitisk Folkevalde var plattformen som Steinar Bastesen hadde blitt valt inn på Stortinget på i 1997. Intern usemje førte til at ei gruppering endra partinavnet til Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti, medan Bastesen og hans støttespelarar i Nordland braut ut og stifta Kystpartiet.[1]
Ved stortingsvalet 2001 fekk partiet fekk 1 052 røyster, noko som utgjorde 0,04 % av røystene på landsbasis. Størst oppslutning hadde dei i Oppland. Resultata i dei enkelte fylka var:
- Oppland: 0,38 %
- Nord-Trøndelag: 0,13 %
- Østfold: 0,10 %
- Møre og Romsdal: 0,08 %
- Buskerud: 0,07 %
- Akershus: 0,06 %
- Oslo: 0,03 %
Partiet vart ikkje representert på Stortinget. Etter valet i 2001 skifta det igjen navn attende til Tverrpolitisk Folkevalde, men stilte ikkje til val igjen i 2005.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |