Günter Grass
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Günter Grass (f. 6. oktober 1927) i Danzig) er ein tysk-kasjubisk forfattar og mottakar av Nobelprisen i litteratur for 1999.
Hans best kjende verk er Die Blechtrommel (1959, norsk omsetjing: Blikktrommen), der han skildra livet til ein gut som ikkje ville veksa meir. Boka er ein historie-roman om tida mellom dei to verdskrigane i Danzig.
I 2002 kom Im Krebsgang ut, der temaet igjen er flukta frå aust-Tyskland. Tittelen spelar på krabben sine rørsler, og Grass skildra den russiske senkninga av skipet Wilhelm Gustloff i Austersjøen, der kring 9 000 tyske flyktningar, mest kvinner og barn, vart drepne.
I august 2006 gjorde Grass det kjend at han under andre verdskrigen tenestegjorde som soldat i Waffen-SS.
[endre] Bibliografi
- Danziger Trilogie
- Örtlich betäubt (1969)
- Aus dem Tagebuch einer Schnecke (1972)
- Der Butt (1979)
- Das Treffen in Telgte (1979)
- Kopfgeburten oder Die Deutschen sterben aus (1980)
- Die Rättin (1986)
- Zunge zeigen. Ein Tagebuch in Zeichnungen (1988)
- Unkenrufe (1992)
- Ein weites Feld (1995)
- Mein Jahrhundert (1999)
- Im Krebsgang (2002)
- Letzte Tänze (2003)
- Beim Häuten der Zwiebel (2006)