Vardø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 2002 |
Fylke: | Finnmark |
Administrasjonssenter: | Vardø |
Flatevidd: | 600 km² |
Folketal: | 2 286 (2007) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.vardo.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Rolf Einar Mortensen (Ap) 2003-2007 |
Vardø er ein bykommune i Finnmark som grenser mot nabokommunane Vadsø i vest og Båtsfjord i nordvest. I dag bor det omtrent 2600 innbyggjarar i kommunen, av dei i overkant av 2000 i sjølve byen som ligg på den 3,7 km² store Vardøya. Den nest største tettstaden er Kiberg. Vardø er den austlegaste byen i Noreg og heile Vest-Europa. Hammerfest og Vardø er dei eldste byane i Nord-Noreg sidan dei fekk bystatus samtidig i 1789.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Busetnaden i Vardø går heilt attende til tida da Håkon V Magnusson fekk bygd Vardøhus festning som skulle forsvare Noregs austgrense. Vardø fekk bystatus i 1789, og er dermed i lag med Hammerfest Nord-Noregs eldste by.
På fjellet Domen vest for det 1,7 km breie Bussesundet som skil Vardøya frå fastlandet, var det på 1600-talet ei rekkje hekseprosessar der særleg unge kvinner vart dømd til døden og henretta. Venuspassasjen vart i 1769 også observert frå Valen, eidet som knyter vestre og austre del av Vardøya saman, og var viktig for beregninga av avstanden mellom Jorda og Sola.
Fiske har lenge vore hovudinntekta til Vardøsamfunnet. I etterkrigstida betydde Forsvaret også mykje for kommunen, som på det meste hadde 4200 innbyggjarar. Byen er no under omstilling, og sivil overvåking av havområda utanfor ser ut til å bli eit nytt satsningsområde i tillegg til utvikling av turismen. Vardø er eit svært attraktivt reisemål blant fuglekikkarar.
[endre] Samferdsel og kommunikasjon
Vardøya er tilknytta Europaveg 98 gjennom den 2892 meter lange Vardøtunnelen under Bussesundet. Tunnelen som vart teke i bruk 22. desember 1983 og offisielt åpna av kong Olav V i 1984 var den første undersjøiske tunnelen i Noreg. På Svartnes som ligg på fastlandssida av Bussesundet er det bygd ei ny og moderne havn. Vardø er anløpshavn for hurtigruta. Svartnes huser også Vardø lufthavn. På Vardøya ligg kystradiostasjonen Vardø radio.
Kibergneset ved Vardø er det austlegaste punktet på fastlandet i Noreg. Her ligg restar av eit tysk kystfort frå den andre verdenskrigen.
[endre] Næringsliv
Byen er bygd opp rundt fiskeriforedling. Dei siste åra har Lønnsgarantifondet og Kontoret for voldsoffererstatning kome til byen som kompensasjon for tap av andre statlege arbeidsplassar.
[endre] Forsvaret
Tidlegare låg Luftforsvarets stasjon Vardø her, men den vart nedlagt og vidareført under Luftforsvarets stasjon Sørreisa. Etterretningstjenesten har ein stasjon på Vårberget i Vardø, der den omstridte Globus II-radaren står. Det er framleis eit lite militært kommandantskap på Vardøhus festning.
[endre] Tettstader i kommunen
- Kiberg
- Vardø
[endre] Kjende personar frå Vardø kommune
- Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, politikar
[endre] Sjå og
- Oversikt over norske geografiske ytterpunkt
[endre] Eksterne lenkjer
|