Islom Karimov
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Islom Abdug‘aniyevich Karimov, fødd 30. januar 1938 i Samarkand, er ein usbekisk politikar. Han er president i Usbekistan sidan 1990 og den første presidenten i det sjølvstendige Usbekistan.
Karimov har usbekisk far og tadsjikisk mor. Han vaks opp på ein barneheim. Han studerte ingeniørfag og økonomi i Tasjkent. I 1966 begynte han å jobba for Gosplan, det statlege planleggingsorganet, i Usbekistan. Han steig så gradene i det sovjetiske kommunistpartiet. I 1983 vart han finansminister i den usbekiske sovjetrepublikken, i 1986 viseformann i ministerrådet (visestatsminister).
Han kom til makta i Usbekistan i 1989, då han vart førstesekretær i kommunistpartiet i Usbekistan. 24. mars 1990 vart han president i den usbekiske sovjetrepublikken. 31. august 1991 erklærte han Usbekistan sjølvstendig frå Sovjetunionen, og 29. desember same året vann han det første presidentvalet med 86 % av røystene. Valet vart rekna som urettvist, med ein ufri valkamp og fusk i oppteljinga. Det same gjeld alle seinare val i Usbekistan. Etter at han var vald som president trygga han makta si ved å arrestera eller driva i eksil dei leiande opposisjonelle.
26. mars 1995 vart det heldt ei folkerøysting, der Karimov sin presidentperiode vart utvida med fem nye år. 9. januar 2000 vart det heldt presidentval, der Karimov fekk over 90 % av røystene. Motkandidaten hans sa at han sjølv hadde røysta på Karimov. 27. februar 2002 vart det heldt ei folkerøysting, der Karimov sin presidentperiode vart utvida frå 5 til 7 år. Det neste presidentvalet er planlagd til desember 2007.
Karimov har slått hardt ned på all opposisjon, som konsekvent vert omtalt som "islamsk ekstremisme". Det fins òg ei væpna gruppe, Usbekistans islamske rørsle, som har gjennomført væpna aksjonar i Usbekistan. Karimov sin utanrikspolitikk var først ganske vestleg orientert. Etter terrorangrepa på USA 11. september 2001 lot han USA og NATO leiga ein militærflybase i Usbekistan i oktober 2001, til bruk i krigen i Afghanistan. 13. mai 2005 vart over 300 ubevæpna demonstrantar drepne av tryggjingsstyrkar i byen Andijon, etter at det hadde vore væpna samanstøyt der tidlegare på dagen.[1] EU innførte våpenembargo mot Usbekistan, og USA kritiserte òg Karimov sine handlingar. Etter dette måtte USA og NATO trekkja seg ut frå basen i Usbekistan, og Karimov orienterte seg meir mot Russland i utanrikspolitikken. 14. november same året underskreiv Karimov ein gjensidig forsvarsavtale med Russland.
Karimov er gift og har to døtre. Navnet hans vert ofte skrive med russisk stavemåte, som Islam Karimov.
Føregjengar: ingen |
President i Usbekistan (1990–)
|
Etterfylgjar: |