Jødespansk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jødespansk språk er ein samleterm for språkformer av spansk med meir eller mindre påverknad frå andre iberiske språk som portugisisk, asturiansk og katalansk som tradisjonelt blir bruka av sefardiske jødar i Nord-Afrika, på Balkan, i Tyrkia og i Israel.
Jødespansk inneheld mange hebraiske og arameiske ord og ein del arabiske ord. I austleg jødespansk — det vil seie på Balkanhalvøya, i Tyrkia og i Israel — er det mange tyrkiske og greske lånord.
Andre namn for jødepansk inkluderer djudíospanyol, djudezmo, spanyol, jaquetía/haketia (særleg i Marokko) og sidan midten av 1900-talet ofte òg ladino — ein term som tradisjonelt har ei anna tyding.
Språklege særtrekk for jødespansk varierer mykje mellom dei ulike dialektane, men blant dei mest typiske kan nemnast:
- M for N i ord som muestro/nuestro (‘vår’ (pron.)); mueve/nueve (‘ni’ (num.)).
- G for H i ord som agora (‘no’).
- -U for -O i endingar: anyu/anyo (‘år’); 'sinku/sinko.
- Bevart stemt S mellom vokalar: kaza (‘hus’, sp. casa).
Jødespansk har tradisjonelt vorte skrive med det hebraiske alfabetet, men frå først på 1900-talet har det vore vanleg å skrive språket med det latinske alfabetet.
[endre] Lenkjer
- Socolovsky, Jerome. "Lost Language of Ladino Revived in Spain", Morning Edition, National Public Radio, March 19, 2007. [1]