Kleppfisk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kleppfisk eller klippfisk er fisk, vanlegvis av torskefamilien, som er salta og deretter flattørka. Kleppfisktørking vart oppfunnen av spanske fiskarar ved Newfoundland som trong ein god konserveringsmetode for å kunna frakte med seg fisk attende til marknaden i Spania. Metoden kom til Noreg mot slutten av 1600-talet med Jappe Ippes.
[endre] Anna
Kleppfisken som heraldisk motiv finst i kommunevåpenet for Tustna kommune. Ved samanslåinga av Tustna og Aure til éin kommune den 1. januar 2006 vil det nye kommunevåpenet òg innehalde ein kleppfisk.
[endre] Sjå òg
[endre] Eksterne lenkjer
Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over matspirer. |