Aure kommune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1576 |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Administrasjonssenter: | Aure |
Flatevidd: | 511 km² |
Folketal: | 3 515 (2007) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.aure.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Hans Lauritzen (AP) 2003-2007 |
Aure er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal som frå 1. januar 2006 inkluderer den tidlegare Tustna kommune. Aure kommune grensar til Hemne og Hitra i Sør-Trøndelag i aust, Kristiansund og Frei i vest og Tingvoll og Halsa i sør, medan Smøla ligg i nordvest, rett nordom Edøyfjorden.
Folk som kjem frå sjølve Aure, inkludert Ertvågsøya blir kalla aurgjeldingar og målføret deira aurgjelding. Folket som kjem frå tidlegare Stemshaug kommune blir kalla stemshaugingar, og dei snakkar ei undergruppe av aurgjelding som blir kalla stemshauging når ein vil vera ekstra presis. Folk frå den tidlegare Tustna kommune blir kalla tustningar og dialekten der blir kalla tustning.
Innhaldsliste |
[endre] Natur
[endre] Topografi
[endre] Øyar og holmar
- Berrøya
- Ertvågsøya
- Fevelsholmen
- Forøya i Aure
- Grisvågøya
- Herringsøya
- Jøssøya i Aure
- Kalvøya i Aure
- Langøya i Aure
- Lesundøya (landfast med Skardsøya i aust over Drageidet)
- Marøya i Aure
- Rottøya
- Ruøya
- Skardsøya (landfast med Lesundøya i vest over Drageidet)
- Styrsøya i Aure
[endre] Fjell
[endre] Vatn og tjørner
[endre] Planteliv
[endre] Dyreliv
[endre] Fugl
Aure kommune ligg i et område med mykje ørn. Både havørn og kongeørn hekkar i området, og inntil kommunesamanslåinga med Tustna kommune 1. januar 2006 var kommunevåpnet til Aure to ørnehovud som ser kvar sin veg. Aure kommune har både fjordar og sjøområde i tillegg til fjell og skogar. Dette gjer det mogleg å finne svært variert fugleliv. Frå storfugl og rype i fjellet til tjeld, måse og ærfugl ved kysten.
[endre] Hjortedyr
I Aure kommune er det store stammar med både rådyr og hjort i tillegg til at det finst ein veksande stamme med elg. Aure har lenge vore ein av dei største hjortekommunane i Noreg. Tidleg på våren og sommaren kan ein sjå mykje hjort beitande langs vegane. Det er ikkje uvanleg å sjå flokkar på fleire titals dyr.
[endre] Rovdyr
Gaupe er det største bufaste rovdyret i Aure. Det har vore observert bjørn i kommunen, men dette er ikkje eit dyr som har fast tilhald der. Raudreven har også fast tilhald i Aure og kan synast å ha auka i antal dei siste åra.
Elles finst det òg dyr som:
[endre] Tettstader
[endre] Historie
[endre] Kommunesamanslåing
Tustna og Aure kommunar vart samanslegne den 1. januar 2006. Den nye kommunen ber namnet Aure, og kommunevåpenet byggjer på Tustna sitt kommunevåpen med den endringa at kleppfisken skal vera i sølv (kvitt) i staden for tidlegare gull (gult). (sjå [1])
[endre] Næringsliv
- D. Stormyr Maskin AS
- Mjosundet Båt og Hydraulikk AS
- Statoil Tjeldbergodden
- Tustna Kveitefarm ASA
- Sletta Båtbyggeri AS
[endre] Samferdsel
Tidlegare var det berre fergesamband til Ertvågsøya, men frå 1995 har det vore vegsamband via Riksvei 680 til Ertvågsøya over Aursundbrua, Smalsundbrua og Mjosundbrua.
[endre] Kjendte aurgjeldingar
- Kristofer Leirdal (Skulptør)
[endre] Bakgrunnsstoff
- Asbjørn Barlaup, Anna Lovisa Melland og Anders S. Todal, Tu Aurgjelda 1998, Årbok for Aure Historielag, Aure Historielag, 1998.
- Per Eilert Orten, Den nye dagen gryr, Bygdabok for Aure 1800 - 1900, Aure kommune, 2000.
- Anne Marie Stavles, Reidar Lie, Kristian Engdal og Daniel Dyrnes, Minneskrift for Aure og Stemshaug, Krigsåra 1940 - 1945, Frigjeringskomiteen i Aure og Aure Historielag, 1995.
- Den offisielle heimesida til Aure kommune
- Nettkamera i Aure
|