Knut den mektige
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konge av England Konge av Danmark Konge av Noreg |
Engelsk konge frå 1014, dansk konge frå 1018, norsk konge frå 1028 til sin død i 1035 |
Føregjengar | I England: Edmund II I Danmark: Harald II I Noreg: Olav den heilage |
Etterfylgjar | I England: Harald Harefot I Danmark: Hardeknud I Noreg: Magnus den gode |
Fødd | om lag 995 i Danmark |
Død | 12. november 1035 i Shaftesbury i Dorset |
Gift med | Alfiva (Ælfgifu) (kanskje frille) Emma av Normandie |
Barn | Med Alfiva:
Med Emma: |
Gravlagd | Winchester i England |
' |
Knut den mektige var konge av Noreg i tida frå 1028-1035. Han var fødd om lag 995 og døydde 12. november 1035. Knut var konge av Danmark frå 1018 til 1035 som Knud den Store. Han var konge av England frå 1014 til 1035. På engelsk språk vert han omtala som Cnut I eller Canute the Great.
Han var døypt "Lambart" og omtala seg sjølv som det. Tilnamna "den store" eller "den mektige" fekk han av di det lukkast han å ta med Noreg og delar av Sverige i riket sitt.
Etter at faren kong Svein Tveskjegg (dansk: Svend I Tveskæg) døydde i 1014 vart Knut kåra til konge av England. Vikinghæren gjorde denne kåringa, men det skulle fleire kampar til for å vinna makta over det meste av England. I samarbeid med den seinare Olav den heilage vart Knut konge av heile England i 1016. I 1017 gifta han seg med kong "Ethelred den rådville" si enkje Emma av Normandie. Ho var dotter av normannarhertugen Robert. Knut si syster, Estrid, gifta seg med bror til hertugen, Richard. Olav den heilage av Noreg og Anund Jakob av Sverige i tillegg til svenske Ulf Jarl inngjekk eit forbund mod kong Knut.
I 1026 sigra Knut over dei i slaget ved Helgeå i Skåne. Same år skal han ha late Ulf myrda i Roskilde Domkyrkje. Det var to Ulf Jarl, ein i Sverige og ein i England.
I 1028 gjekk Knut til åtak mot Noreg med 1400 skip. Nordmennene slutta opp om han og tvinga Olav den heilage til å flykta. Han innsette fyrst sin systerson Håkon som konge. Då denne drukna innsette Knut sonen sin Svend, i Noreg kalla Svein Knutsson.
Knud den mektige var då ein mektig konge. Då han vitja Roma for å sjå pave Johannes XIX krona den tyske kong Konrad til keisar av Det heilage romerske riket av tysk nasjon, vart Knut hylla som den nest mektigaste kristne fyrsten. Knut såg på seg sjølv mest som konge av England og var lite i dei andre landa. Han døydde i 1035 og vart gravlagd i domkyrkja i Winchester.
Føregjengar: Edmund II |
Konge av England (1014–1035)
|
Etterfylgjar: Harald Harefot |
Føregjengar: Harald II |
Konge av Danmark (1018–1035)
|
Etterfylgjar: Hardeknud |
Føregjengar: Olav den heilage |
Konge av Noreg (1028–1035)
|
Etterfylgjar: Magnus den gode |