Marie Antoinette
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marie Antoinette vart fødd 2. november 1755 i Wien og avretta 16. oktober 1793 i Paris. På tysk fekk ho namnet Maria Antonia. Ho var erkehertuginne av Austerrike, prinsesse av Ungarn og prinsesse av Bøhmen. Ho var dotter av den tysk-romerske keisaren Frans I Stefan av huset Habsburg-Lothringen og Maria Theresia. I 1770 vart ho gift med Ludvig XVI av Frankrike, og slik vart ho dronning av Frankrike.
Giftarmålet kom i stand som pant på alliansen mellom Frankrike og Austerrike. Alliansen var ikkje populær i Frankrike, og Marie Antoinette fekk få venner ved hoffet. Ikkje sjeldan vart ho utsett for baksnakking. Som dronning i Frankrike var ho heldt for å vere munter og tankelaus, og ho heldt seg ikkje til dei strenge etikettereglane. Ho var kjend som svært lettsindig i pengebruken.
«Om folket ikkje har brød, kan dei vel ete kaker.»
|
||
I 1790, under den franske revolusjonen, forsøkte ho både å forhandle med grev Mirabeau for å sikre stillinga til kongehuset, og samstundes å få hjelp frå Austerrike for å slå ned Revolusjonen. I 1791 forsøkte kongefamilien å flykte, utan å lukkast. Kongefamilien vart arrestert i 1792, og Maria Antoinette vart stilt for revolusjonsdomstolen, tiltalt for landssvik. Der vart ho dømd til døden, og ho og kongen vart avretta med giljotin 16. oktober.
Marie Antoinette fødde fem barn, men berre ein nådde voksen alder:
- Marie-Thérèse Charlotte (19. desember 1778 - 1851), fengsla under revolusjonen, utveksla med austerrikske fangar.
- Louis Joseph Xavier François (22. oktober 1781 - 4. juni 1789), død av tuberkulose.
- Dødfødd barn, 1783.
- Louis-Charles (27. mars 1785 - 8. juni (ca.) 1795), kaldt Ludvig 17. Fengsla og død av tuberkulose i fengselet.
- Marie Sophie Hélène Beatrix (9. juli 1786 - 19. juni 1787).