Maskinpistolen Sjpagina
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjpagina maskinpistol, eigentleg PPSj 41, er ein sovjetisk maskinpistol frå andre verdskrigen. Dette var eit våpen konstruert av Georg Sjpagin, ein velsedd sovjetisk våpenkonstruktør, noko som òg gjorde at våpenet (og andre sovjetiske maskinpistolar frå andre verdskrigen) er kjende under namnet Sjpagina. Denne maskinpistolen bruka ein pistolpatron i 7,62 mm, og kunne bruke både eit stavmagasin med 35 skot og eit rundt magasin (trommelmagasin) med 72 skot.
Kjelde: Bokmålswikipediaen, art. PPSh 41.