Saturnmånen Enceladus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppdaging | |
---|---|
Oppdagar | William Herschel |
Oppdaga dato | 1789 |
Baneparametrar | |
Store halvakse | 238 020 km |
Eksentrisitet | 0,0045 |
Omløpsperiode | 32t 53m 07s |
Banehelling | 0,02° |
Er ein satellitt til | Saturn |
Fysiske eigenskapar | |
Middeldiameter | 498,8 km |
Masse | 8,6·1019 kg |
Middeltettleik | 1,3 g/cm3 |
Overflategravitasjon | 0,079 m/s2 |
Unnsleppingsfart | 716 km/t |
Rotasjonsperiode | 32t 53m 7s (bunden) |
Aksehelling | 0° |
Albedo | 0,99 |
Overflatetemp. | 70K |
Atmosfære | ingen |
Enceladus er den niande inste månen til Saturn og blei oppdaga av William Herschel i 1789. Overflata er veldig lys, og nesten 100 % av solstrålene blir reflekterte. Det gjer at månen er veldig kald, berre -201° C. Enceladus er faktisk det mest reflekterande objektet i solsystemet som er funne, han er au ein av dei få månane som har atmosfære. Dette blei oppdaga av Cassini-Huygens i mars 2005. Sidan gravitasjonskrafta er så lita, kan han ikkje halde på atmosfæren — dette tyder på at det er ei kjelde som opprettheld denne atmosfæren.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |