Taiga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taiga (frå russisk тайга́) er eitt av dei største hovudøkosystema eller bioma på jorda. Kallast òg boreal barskog.
Taigalandskapet er kjenneteikna ved sine skogar med eviggrøne nåletre. Det dreier seg om subarktiske og fuktige område, der plantesamfunna er dominert av til dømes lerk, edelgran, gran og furu. Desse treslaga er godt tilpassa eit kaldt klima. Somme stader fing ein tydelege innslag av bjørk og [osp]]. Myrområde og tilknytta planteartar er òg vanleg.
Den gjennomsnittlege temperaturen for juli er i taigaområda høgare enn 10°C, men vekstsesongen er kortare enn 100 dagar. Nedbør fell som regn, skodde, rim eller snø, og den er på mellom 400 og 850 mm pr. år. Jorda er prega av stort nedbørsoverskot, som gjer at kalk og andre mineralar vert vaska ut. I tillegg dannar rotnande nåler syrer og andre stoff som hemmar spiring.
Taigaen er den ytste sona før tundraen. Taigalandskapet er typisk for store delar av Sibir, men òg for Canada og Alaska.
![]() |
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |