Toronto
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toronto er den største byen i Canada og og hovudstad i provinsen Ontario. Byen har i eit folketal på kring 5 600 000, etter eit overslag gjort i 2004 2 500 000 av desse bur i sjølve bykjerna, resten i forstadane. Toronto er med dette den femte største byen i Nord-Amerika. Samstundes er han eitt av dei viktigaste sentera for finans og handel i Canada og Nord-Amerika. Byen er heimstad for meir enn 80 etniske grupper og meir enn 100 forskjellige språk. Slik er Toronto ein av dei mest fleirkulturelle byane i verda.
Fram til 1970-talet var Toronto den nest største byen i Canada, etter Montreal. Den økonomiske veksten til byen vart styrkt då St. Lawrence-kanalen stod ferdig i 1959, Kanalen gjorde det mogleg for større skip å ta seg inn til dei store sjøane. Delar av Torontos vekst er vorte tilskrive Parti Québécois (PQ) si maktovertaking i provinsen Quebec og provinshovudstaden Montreal i 1976. PQ innførte mange lovar som gav fransk føremoner i høve til engelsk. Mange engelskspråklege montrealarar flytta til det meir engelskvenlege Toronto.
CN Tower er eit 553 meter høgt radio og fjernsynstårn, og er eit vidgjete landemerke i Toronto.
Hovudflyplass for byen er Toronto Pearson internasjonale lufthamn. Flyplassen ligg i Mississauga rett utanfor bygrensene i vest, og ein av dei flyplassane i verda med mest trafikk.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad for Toronto
- The Good Ol' Toronto - byhandbok