Venuspassasje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venuspassasjen er namnet på det astronomiske fenomenet at Venus passerer mellom sola og jorda, slik at delar av solskiva blir dekka av ein liten flekk. Venuspassasjar er sjeldan, sidan 1631 har dette skjedd i 1693, 1761, 1769, 1874, 1882 og no sist 8. juni 2004.
På 1700-talet var Venuspassasjen sentral i den astronomiske diskusjonen, han vart nemleg brukt til å måle avstanden mellom sola og jorda, ved å måle tidspunktet for når passasjen starta og slutta på ulike punkt på jorda.
Ein av ekspedisjonane i 1769 til Vardø for å observere passasjen. Dei fekk gode observasjonar, men observasjonane fekk ikkje den vitskaplege innverknaden dei burde ha hatt, i og med at ekspedisjonsdeltakarane måtte reise langt etterpå, måtte vente på audiens hos Kongen, og ikkje fekk publisert resultata sine før dei sentrale utrekningane hadde vorte gjort.
[endre] Lenkjer ut
- Riksarkivet i Trondheim om Venuspassasjen
- Kva er ein venuspassasje? på forskning.no
![]() |
Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over astronomispirer. |