Vespasian av Romarriket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Imperator Caesar Augustus | |
Føregjengar | Vitellius av Romarriket |
Etterfylgjar | Titus av Romarriket |
Fødd | 17. november 9 i Sabine |
Død | 23. juni 79 i Roma |
Gift med | Flavia Domitilla |
Barn |
|
Gravlagd | |
' |
Titus Flavius Vespasianus eller Vespasian (9-79) var romersk keisar frå firekeisaråret 69 til 79. Han vart fødd i Falacrina i år 9 som son av Flavius Sabinus og Vespasia Polla. Faren var ein vellukka skatteinnkrevjar og bankier.
Vespasian kom til makta etter etter ein kort og kaotisk borgarkrig. Borgarkrigen braut ut etter at keisar Nero av Romarriket tok livet av seg i juni 68. Dei andre deltakarane i borgarkrigen var Sulpicius Galba (68-69), Marcus Salvius Otho (69) og Aulus Vitellius (69). Alle desse utropte seg i tur og orden til keisar. I motsetnad til Vespasian mangla dei militær stønad og politisk velvilje i det romerske senatet.
Under borgarkrigen var general Vespasian i Midtausten. Dei romerske styrkane der utropa han til keisar i juli 69. Legionærane hadde stor lit til Vespasian og oppfatta rivalen Aulus Vitellius som dekadent, umoralsk og militært verdlaus. Vitellius var kjend som ein nær ven av keisar Nero. Vespasian heldt seg i Judea medan løytnant Antonius Primus invaderte Italia og erobra Roma med hjelp av styrkar fra Pannonia og Balkan.
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |