Volda
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1519 |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Administrasjonssenter: | Volda |
Flatevidd: | 547 km² |
Folketal: | 8 317 (2007) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.volda.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Ragnhild Aarflot Kalland (Sp) 2003–2007 |
Volda er ein kommune i Møre og Romsdal med ca 8000 innbyggjarar. I nord- og austleg retning grensar Volda mot Ørsta kommune, i sørleg retning mot kommunane Hornindal og Eid, og i vest mot Vanylven kommune.
Volda kommune ligg ved Voldsfjorden, med kommunesenteret Volda på austsida og Folkestad på vestsida av fjorden. Voldsfjorden har tre sidearmar; Dalsfjorden med bygdene Velsvik, Lauvstad, Dravlaus, Innselset, Åmelfot, Steinsvik og Dale, Austefjorden med bygdene Hartåbygda, Kalvatn og Høydal, og Kilsfjorden med bygdene Bjørneset, Straumshamn, Kile og Bjørkedalen.
I tettstaden Volda finn ein blant anna Høgskulen i Volda med over 3000 studentar, i tillegg til sjukehus og høgteknologisk industri. Den lokale avisa i kommunen, Avisa Møre, er Noregs eldste lokalavis (1810).
Mork/Egset er ein "forstad" til Volda og ligg ca. 3 km. vestover frå Volda sentrum, eit steinkast frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden. Noregs første trykkeri på landsbygda, Aarflots prenteverk (1808), låg her. I dag er det eit museum i Aarflotgarden som blant anna inneheld gamle maskiner frå prenteverket.
Innhaldsliste |
[endre] Historikk
Volda vart etablert som Volda formannskapsdistrikt i 1837. 1. august 1883 vart Ørsta trekt frå og etablert som eigen kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 3.485 innbyggjarar, Ørsta 2.070.
1. januar vart garden Ytrestølen i Ørsta med 13 innbyggjarar ført tilbake til Volda.
1. juli 1924 vart Dalsfjord trekt frå som eigen kommune med 960 innbyggarar. Volda hadde 4.715 innbyggjarar etter oppdelinga.
1. januar 1964 vart Dalsfjord igjen ein del av Volda kommune. Volda hadde på dette tidspunktet 6.056 innbyggjarar og Dalsfjord 1.151, slik at den nye Volda kommune total hadde eit innbyggjartal på 7.207.
[endre] Tettstader i Volda kommune
- Volda
- Austefjorden
- Folkestad
- Dalsbygd
[endre] Kjende folk frå Volda kommune
- Sivert Aarflot, (1759–1817), bladstyrar i Norsk Landboeblad
- Johannes Barstad, (1857–1931), prest, forfattar og bladstyrar i Stille stunder
- Rasmus Steinsvik, (1863–1913), målmann og bladmann. Bladstyrar i Den 17de Mai.
- Henrik Kaarstad, (1865–1927), skulemann. Starta Volda lærarskule.
- Rasmus P. Mork, (1866–1950), meieripioner.
- Anders Vassbotn, (1868–1944), gardbrukar, diktar og politikar.
- Lovise Heggen, (1893–1975), Lektor, politikar og vararepresentant på Stortinget.
- Oline Vassbotn Drabløs (1894–1989), bunadsforkjempar og bondekvinne.
- Petter Løvik, (1949– ), stortingsrepresentant.
- Harald Haugen, bokhandlar.
- Beate Slettevoll Lech, norsk vokalist
- Simone Larsen, vokalist i bandet D'Sound
- Saxe Bjørkedal,(1926– ), Kystkulturberar
- Anne Steinsvik Nordal ,1949
[endre] På verdsveven
- http://www.volda.info/
- http://www.volda.org/
- http://www.dalsfjord.com/
- http://www.austefjordposten.no/
- http://www.voldaveiret.no/
- http://www.vti-fotball.no/
- http://www.vti-handball.org/
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |