Ulstein
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1516 |
Fylke: | Møre og Romsdal |
Administrasjonssenter: | Ulsteinvik |
Flatevidd: | 97 km² |
Folketal: | 6 841 (2007) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.ulstein.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Hannelore Måseide (Ap) 2003–2007 |
Ulstein er ein kommune på øya Hareidlandet på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Den grenser i aust til Hareid kommune. Mot vest ligg øykommunen Herøy. Mot søraust, over Vartdalsfjorden, ligg Ørsta og Volda.
Kommunen fekk bystatus i 2000.
Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar i gull som symboliserar dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984.
Næringsliv og industri Skipsindustrien ber økonomien; Ulsteinkonsernet, Rolls-Royce og Kleven Verft er hjørnesteinsverksemder.
Etter Ålesund er Ulsteinvik det største handelsenteret på Sunnmøre, tilreisande frå nær og fjern kjem for å handla til dømes på Blåhuset og Brendehaugen/Saunesmarka.
Historie Utgravingane ved Osnes kyrkjegard tyder på busetnad i kommunen 5000 år attende i tid.
Ulstein er og kjend for fotballaget IL Hødd.
[endre] Kjende folk frå Ulstein kommune (alfabetisk)
- Per Eide, fotograf.
- Kjetil Hasund, (1942– ), fotballspelar.
- Sigvald Hasund, (1868–1959), landbrukshistorikar, høgskulerektor, politikar og minister.
- Øystein Runde, (1979– ), tegneserieskapar.
- Fredrik Steen (tidlegare Knutsen), komikar, (med rollefiguren Hildegun Moltubakk).
- Arild Sundgot, (1978– ), fotballspelar i LSK.
- Ole Bjørn Sundgot, (1972– ), fotballspelar i Tippeligaen og utanlandsproff.
- Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulsteinkonsernet, "Årets forretningskvinne" 2006.
- Idar Ulstein, tidlegare konsernsjef i Ulstein Mekaniske Verksted Holding ASA.
[endre] På verdsveven
|