Voyager 1
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Voyager 1 er ein ubemanna romsonde som er sendt ut for å utforske det ytre solsystemet. Romsonden vart skoten opp den 5. september 1977 og er framleis i funksjon. Romsonden er no det fjernaste menneskeskapte objektet frå jorda. Avstanden til sola passerte "milepælen" 100 astronomiske einheiter (AU) den 15. august 2006, noko som tilsvarar omtrent 15 milliardar km. Voyager 1 har no nådd ytterkantane av solsystemet, eit enormt område der sola si innflytelse vert etterstatta av interplanetært rom.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Meininga var at Voyager 1 skulle vere ein del av Mariner-prosjektet som Mariner 11, og var designa for å kunne nytte seg av gravitasjonsfeltet rundt ein planet, slik som Mariner 10 gjorde det. Eit ambisiøst prosjekt, kalla Planetary Grand Tour, var å besøke 5 av planetane lengst unna sola med ubemanna romsondar. Det ville oppstå eit slikt høve i 1970 då desse planetane stod nær kvarandre til å vitjast samtidig, eit høve som ikkje ville kome igjen før etter 170 år. Budsjettkutt hos NASA gjorde at prosjektet vart redusert. Dei endelege måla for vart planetane Jupiter og Saturn, samt månane rundt.
[endre] Utforsking
[endre] Jupiter
Voager 1 er den første romsonda som vitja planeten Jupiter. Den byrja fotograferinga av planeten i januar 1979 og haldt på fram til april same året. Av ei rekkje nyoppdagingar som vart gjort var svovelvulkanane på månen Io. Gravitasjonsfeltet rundt planeten vart nytta for å auke farta samtidig som sonda satte kurs mot planeten Saturn.
Detaljar av Jupiter-atmosfæren med datalaga fargar frå Voyager 1. |
Fargebilde av jupitermånen Io. |
Voyager-bilde frå 1979 av Valhalla-krateret på jupitermånen Callisto. |
[endre] Saturn
Voyager 1 kom fram til planeten Saturn i november 1980. Dermed vart romsonda den første til å vitje også denne planeten. Romsonda oppdaga komplekse strukturar i ringane rundt Saturn, og studerte atmosfæra på månen Titan, som var spesielt utplukka for ei nærflyging. Voyager 1 sendte og bilete av andre av månane rundt Saturn, mange av dei oppdaga for fyrste gong.
Skoddelag rundt saturnmånen Titan. |
Voayger 1 si noverande posisjon er i stjernebiletet Slangeberaren. Ein ein reknar med at instrumenta i romsonden vil vare til rundt 2020, då er det ikkje lenger nok kraft til å drive noko av utstyret.