Ytre Arna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Ytre Arna er ein tettstad i Bergen kommune i Hordaland fylke. Staden ligg ved Sørfjorden, på austsida av Bergenshalvøya.
[endre] Historie
Ytre Arna er eit gamalt industrisamfunn ved Sørfjorden. Arne fabrikker blei grunnlagd her av Peter Jebsen i 1846. I eldre tider vart staden kalla "Ælvæ" etter Blindheimselva som var godt synleg før fabrikken kom.
Inntil 1972 høyrde Ytre Arna til Arna kommune og inntil 1964 til Haus kommune under Osterøy. Dette var naturleg i ei tid då fjordane med båttrafikk bandt bygd og kyrkjesokn saman. Det gjekk ferje mellom Haus - Garnes - Votlo og Ytre Arna til langt ut på 1970-talet. I dag er Bergen den mest naturlege staden å tilhøyre for Arna.
[endre] Geografi
Ytre Arna strekkjer seg langs den vestlege delen av Arnavågen og videre eit stykkje langs Sørfjorden som går rundt Osterøy. E16 går gjennom Ytre Arna.