Diktatur
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike styresett
Lista er sortert alfabetisk. |
Diktatur er det me kallar eit styresett der eitt enkelt parti, ein militær junta, eller ein einerådande diktator har makta. Diktatur er kalla totalitære når styremaktene grip inn, legg under seg og kontrollerer alle sider ved sivilsamfunnet, og autoritære når styremaktene berre råder over eit avgrensa statsapparat. Dette skilet kan illustrerast ved at autoritære regime berre slær ned på dei som ope går ut og protesterer mot det, medan totalitære regime gjerne slær ned på alle som synest å ha negative meiningar om regimet. Døme på totalitære diktatur er Hitler-Tyskland, Sovjetunionen under Stalin, osb.
Jamvel om diktatur ikkje er demokratiske, kan dei like fullt ha ein viss legitimitet.
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |