Aceton
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aceton (propan-2-on), CH3(CO)CH3, er det enklaste av ketona. Det er eit mykje brukt lausemiddel. Stoffet sitt kokepunkt er 56°C.
[endre] Produksjon
Aceton vert laga ved oksidasjon av alkoholet propan-2-ol (isopropanol), og er ei fargelaus væske med karakteristisk «organisk-aromatisk» lukt. Kvart år vert det produsert 3.500.000 tonn i verda, der 500 millioner tonn kjem til Noreg. Som lausemiddel er stoffet mellom anna hovudbestanddelen i neglelakkfjernar, og eit viktig utgangsstoff ved framstelling av andre stoff.
[endre] Aceton i biologien
Me finn aceton i naturen i plantar, røyk frå vulkanar og skogbrannar, og som biprodukt når menneskekroppen bryt ned feittlager.
Aceton finst i små mengdar i urin, og kan ved sukkersjuke eller etter lang tids svolt skillast ut i større mengder. Hos små born kan det forekome brekningar på grunn av utskilling av aceton i kroppen (acetonemiske brekningar).
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kjemispirer. |