Apostelgjerningane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Apostelgjerningane er ei bok i Det nye testamentet
Boka, som føljer rett etter dei fire evangelia i Bibelen, og er den siste av dei historiske bøkene i Det nye testamentet, handlar om apostlane og deira verksemd den første tida etter Jesu krossfesting.
Dei som no tok imot hans ord, dei vart døypte,
|
||
Innhaldsliste |
[endre] Peter
Som Lukas-evangeliet vert apostelgjerningane innleia med ein dedikasjon til Teofilus. Så held boka fram med | Kristi himmelferd, i tradisjonen datert til 14. mai år 33. Deretter føljer forteljnga om den første kristne kyrkjelyden som vart grunnlagt pinsedagen, 10 dagar etter Jesu himmelsferd. Her står apostelen Peter fram som ein leiar i kyrkjelyden, og Peters tale den første pinsedagen er gjengjeve.
Boka fortel vidare om bøn og samhald i den første kyrkjelyden, og om sterk auke i talet på kristne læresveinar. Etter Stefanus’ martyrdød startar ei bølgje av forfølging av dei kristne, slik at dei vert spreidde – og slik vart og kristendommen spreidd i eit vidare område.
[endre] Paulus
Boka fortel vidare om Paulus si omvending på vegen til Damaskus. Etter forteljinga om den første heidningkristne kyrkjelyden og forfølgingane som leidde til apostelen Jakobs martyrdød, går forfattaren over til å skildre misjonsferdene til Paulus.
Paulus første misjonsferd, til m.a. Kypros og Frygia i Litleasia (kap. 13 og 14), er sidan tidfesta rundt år 47, den andre, gjennom Litleasia til Hellas (kap. 15-18), er tidfesta til år 50-52 og den tredje, som óg gjekk gjennom Litleasia til Hellas] (kap. 18-21) er tidfesta til år 53-57.
Boka vert avslutta med Paulus ferd med båt mot Roma. Reisa ender med forlis og berging på Malta. Derfrå reiste dei med eit nytt skip nordover og kjem til Roma ca år 60.
So stod daa Paulus fram midt paa Aeropogos og sagde:
|
||
[endre] Boka
Etter tradisjonen er Apostelgjerningane nedskrivne av evangelisten Lukas i Roma rundt år 64. Andre meiner boka er nedskriven i Filippi, Alexandria eller Antiokia) . Hovudargumentet for årstalet er at verken Paulus’ eller Peters martyrdød rundt år 64 eller forfølgingane av dei kristne som keisar Nero starta på slutten av 60-talet er nemnde.
Apostlane Peter og Paulus er hovudpersonane i Apostelgjeningane. Verksemda til dei andre apostlane er berre så vidt nemnd.
Så kjelder kan Lukas ha bruka dels munnlege opplysningar, dels skriftlege nedteikningar. Han stod i nært samband med Paulus, og kan ha reist i lag med han delar av misjonsreisene. Fleire av skildringane hans kan derfor ha vore sjølvopplevde. Men det kan òg tenkast at desse vi-passasjane berre er eit stilistisk virkemiddel forfattaren brukar.
[endre] Kjelder
- Artikkelen byggjer på ei omsetjing av tilsvarande artikkel i svensk wikipedia.
- Tidfesting dels etter Det norske bibelselskap (1978)