Boris Jeltsin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boris Nikolajevitsj Jeltsin (russisk Борис Николаевич Ельцин), fødd 1. februar 1931, er ein russisk politikar. Han var den første presidenten i den uavhengige russiske føderasjonen, frå 1991 til 1999. Han er gift med Naina Iosifovna Jeltsina, dei har to døtre.
Boris Jeltsin vart fødd i ein bondefamilie i landsbyen Butka i Sverdlovsk oblast. Faren, Nikolaj Jeltsin, vart dømt for anti-sovjetisk agitasjon i 1934 og sat i gulag i tre år. Frå 1950 til 1955 studerte han ved Ural Polytekniske Institutt i Sverdlovsk og vart uteksaminert som bygningsingeniør.
I 1961 vart han medlem i kommunistpartiet. I 1968 kom han med i provins-komiteen i Sverdlovsk og i 1976 vart han førstesekretær i kommunistpartiet i Sverdlovsk provins. I 1978 fekk han sitt første nasjonale verv då han kom med i det øverste Sovjet - Sovjetunionen sitt parlament. Mikhail Gorbatsjov peika han ut som medlem av politbyrået - det øvste organet i kommunistpartiet, og frå 1985 til 1987 var han førstesekretær i Moskva bykomite - tilsvarande borgermeister i Moskva. Han rauk så uklar med Gorbatsjov, og mista leiarstillingane sine.
I mars 1989 vart det for første gong halde demokratiske val til eit nytt parlament - Kongressen av folkedeputerte. Jeltsin vart vald inn og fekk plass i det øverste Sovjet. I juli 1990 melde han seg ut av kommunistpartiet. 12.juni 1991 vann han det første demokratiske presidentvalet i den russiske føderasjonen, som då var den største Sovjetrepublikken i Sovjetunionen, med 57% av røystene. I august same år leia han motstanden mot eit gamal-kommunistisk kuppforsøk mot Gorbatsjov, som var Sovjetunionen sin president. Biletet av Jeltsin som stilte seg opp på ei stridsvogn utanfor den russiske parlamentsbygningen (det kvite huset) gjekk verda rundt. I november utstedte han eit dekret som forbaud kommunistpartiet i den russiske føderasjonen. Den 8.desember 1991 møtte han presidentane i Ukraina og Kviterussland i Belovezjskaja Pusjtsja i Kviterussland. Her erklærte dei tre presidentane at Sovjetunionen var oppløyst, og at det frivillige Samveldet av Uavhengige Statar var oppretta i staden. Som eit resultat av dette gjekk Gorbatsjov av som president i Sovjetunionen 25.desember, og Sovjetunionen slutta å eksistere.
I 1996 vart han gjenvald som russisk president. I andre valrunde den 3.juli fekk han 53,8% av røystene.
31.desember 1999 gjekk han av som president, før perioden hans var over. Som den russiske grunnlova føreskriv vart han etterfulgd av statsministeren, Vladimir Putin.
Føregjengar: — |
Russland sin president |
Etterfylgjar: Vladimir Putin |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |