Kviterussland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ikkje noko | |||||
Offisielle språk | Kviterussisk og Russisk | ||||
Hovudstad | Minsk | ||||
Styresett |
Republikk Aljaksandar Lukasjenka Siarhej Sidorski |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
207 600 km² (85.) Ubetydeleg |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
10 300 483 (78.) — 50/km² (121.) |
||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå Sovjetunionen 3. juli 1990 25. august 1991 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
70,524 mrd. USD (66.) 8 186 USD (73.) |
||||
Valuta | Kviterussisk rubel | ||||
Tidssone | UTC +2 | ||||
Nasjonalsong | My Belarusy | ||||
Nasjonaldag | 25. august | ||||
Internasjonal telefonkode | +375 | ||||
Nasjonale toppdomene | .by | ||||
Kviterussland eller Belarus er ein republikk i Aust-Europa som grenser til Latvia i nord, Litauen i nordvest, Russland i aust, Polen i vest og til Ukraina i sør.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
På 800-talet var området bedbodd av stammar med baltisk og slavisk avstamming og desse vart seinare ein del av Kievriket. Da Kievriket vart oppløyst vart seinare området ein del av Litauen og deretter Polen-Litauen. I 1795 vart Kviterussland ein del av tsarveldet i Russland. Etter den russiske revolusjonen i 1917 vart Kviterussland sjølvstendig i ei kort periode innan det vart ein del av Sovjetunionen. Kviterussland vart sjølvstendig i 1991 da Sovjetunionen vart oppløyst. Etter at Aljaksandar Lukasjenka vart president i 1994 har Kviterussland atter vendt seg mot Russland. Lukasjenka har innført eit autoritært styre, med undertrykking av opposisjonen. Det har nesten ikkje blitt foretatt økonomiske reformar, og den kviterussiske økonomien er totalt avhengig av billig gass frå Russland.
[endre] Demografi
Folketalet er omtrent 10 millionar og er fordelt på 79% kviterusserar, 12% russerar, 4% polakkar, 2% ukrainerar og 1% jødar. Omtrentleg 80% av folkesetnaden er ortodokse kristne.
[endre] Politisk system
Kviterussland er ein republikk styrt av ein president og har ei nasjonalforsamling med to kammer. Nasjonalforsamlinga blir valt kvart fjerde år. Til det øvre kammeret veljer dei regionale styresmaktene 56 representantar, mens presidenten utnevner dei siste åtte. I det lågare kammeret blir alle dei 110 representantane valt av folket. Alle kviterusserar fylt 18 år har røysterett. Ifølge Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa har ikkje dei siste vala i Kviterussland tilfredsstilt internasjonal standard, og landet blir i Vesten ofte karakterisert som det siste diktaturet i Europa.
[endre] Geografi
- For fleire detaljar om dette emnet, sjå Kviterussisk geografi.
Kviterussland er omgitt av land, er relativt flatt og inneheld store område med myrlendt landskap, innsjøar og elvar. Det største myrområdet er Polesie, som er eit av dei største myrområda i Europa. Det finns 11 000 innsjøar og vatn i Kviterussland, men dei fleste er mindre 0,5 kvadratkilometer. Tre store elvar renn gjennom landet, Nemunas, Pripjat og Dnepr. Det høgaste punktet i Kviterussland er Dziarzjynskaja med 345 meter, og det lågaste punktet er Nemunas med 90 meter.
I lag med Polen deler Kviterussland Białowieżaskogen (Belaveskaja pusjtsja på kviterussisk), som er restane av urskogen som ein gong dekka heile Det nordeuropeiske låglandet
[endre] Klima
Kviterussland har eit fuktig kontinentalklima, som er mykje det same som klimaet i Litauen og nordlege delar av Ukraina. Vinteren er kald over heile landet, av og til iskald når kaldluft strøymer sørvestover frå Sibir, og snødekket ligg store delar av vinteren som varer mellom 105 og 145 dagar. Middeltemperaturen i januar er -6ºC. Somarane er derimot milde, og av og til kan ein få varme dagar i juli og august. Middeltemperaturen i juli er omlag 18ºC. Sommaren og våren er som regel den våtaste tida på året, sjølv om det ikkje kjem dei store mengdene. Den årlege nedbørsnormalen varierer mellom 550 og 700 mm.
[endre] Administrativ inndeling
Kviterussland er inndelt i seks voblastar.
- Brest voblast
- Homel voblast
- Hrodna voblast
- Mahiljow voblast
- Minsk voblast
- Vitsebsk voblast